Hopp til innhald

Nord-Kaukasus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nord-Kaukasus
Land  Russland
Del av Kaukasia, Sør-Russland
Kart
Nord-Kaukasus
43°24′18″N 43°49′54″E / 43.405047°N 43.831787°E / 43.405047; 43.831787
Nord-Kaukasus i Russland
Nord-Kaukasus i Russland
Nord-Kaukasus i Russland
Wikimedia Commons: North Caucasus

Nord-Kaukasus er den nordlege delen av Kaukasusområdet mellom Europa og Asia. Uttrykket vert òg nytta som synonym for den økonomiske regionen Nord-Kaukasus i Russland.

Politisk inneheld Nord-Kaukasus (området nord for fjellkjeda Store Kaukasus) dei russiske republikkane i Nord-Kaukasus i tillegg til fleire regionar i Georgia og Aserbajdsjan. Den russiske delen er ein del av Juzjnyj (Sør-Russland) og består av Krasnodar kraj, Stavropol kraj og dei autonome republikkane Karatsjajevo-Tsjerkessia, Kabardino-Balkaria, Adygeja, Nord-Ossetia, Ingusjetia, Tsjetsjenia og Dagestan. I Georgia utgjer Nord-Kaukasus regionane Tusjeti, Khevsureti og Khevi.

Geografisk utgjer Nord-Kaukasus nordsida og dei vestlegaste områda av fjellkjeda Store Kaukasus, i tillegg til delar av sørsida i vest (fram til elva Psou). Steppeområdet For-Kaukasus vert stundom nemnd som ein del av Nord-Kaukasus, sjølv om den nordlege geografiske grensa vanlegvis vert rekna for å vere Kuma-Manytsj fordjupninga. I vest grensar området til Azovsjøen og Kerch-sundet og i aust til Kaspihavet.

  • In Quest for God and Freedom: Sufi Responses to the Russian Advance in the North Caucasus By Anna Zelkina
  • Russia in the Modern World: a new geography By Denis J. B. Shaw, Institute of British Geographers