Midt-Telemark
Utsjånad
Midt-Telemark er ein kommuneregion sentralt i Telemark fylke som er samansett av tre kommunane Nome, Bø og Sauherad. Regionen har om lag 16400 innbyggjarar og til saman eit landareal på kring 940 kvadratkilometer.
Dei største sentera i Aust-Telemark er Ulefoss, Bø og Gvarv. Det er ingen byar i regionen.
Kommunar
[endre | endre wikiteksten]Til Midt-Telemark reknast tre kommunar:
Nr | Namn | Folketal | Flatevidd km² | Målform |
---|---|---|---|---|
0819 | Nome | 6 527 | 389 | Nøytral |
0821 | Bø | 5 595 | 260 | Nynorsk |
0822 | Sauherad | 4 270 | 292 | Nøytral |
Dei tre kommunane reknast òg som ein del av Aust-Telemark.
Søre del av Nome kommune, tidlegare Holla kommune vart rekna til Grenland.