Hopp til innhald

Ica-regionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ica
Ika
region
Flagg
Symbol
Land  Peru
Hovudstad Ica
Areal 21 327,83 km²
Folketal 850 765 (2017)[1]
Kart
Ica-regionen
14°04′S 75°44′W / 14.07°S 75.73°W / -14.07; -75.73
Wikimedia Commons: Ica Region

Ica-regionen (spansk Región Ica, quechua Ika suyu) er ein region i det sørvestlege Peru med kystlinje mot Stillehavet. Han har grenser mot Lima-regionen i nord, mot Huancavelica-regionen i nordaust, mot Ayacucho-regionen i aust og Arequipa-regionen i sør.

Folkesetnaden var 850 765 i 2017, arealet er 21 327 km². Hovudstaden er byen Ica som har namn etter elva Ica.

Politisk inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Regionen er delt inn i fem provinsar.
Provins (hovudstad):

  1. Chincha (Chincha Alta)
  2. Ica (byen Ica)
  3. Nazca (Nazca)
  4. Palpa (Palpa)
  5. Pisco (Pisco)

Denne kystregionen er prega av store ørkenområde stykka opp av frodige dalar som oasar. Dei grøne områda er skapt av elvevatn som kjem ned frå Andes i perioden desember til april. Nokre grøne område er skapt med hjelp frå irrigasjonskanalar.

Utanfor byen Pisco og Paracashalvøya ligg Chinchaøyane som midt på 1800-talet hadde stor økonomisk verd for Peru grunna eksport av guano til Nord-Amerika og Europa. Guanoen vart tatt ut frå øyane. I dag er verksemda lagt ned og øyane er del av eit naturreservat kjent for mangfald i fugleliv.

Både paracaskulturen og nazcakulturen utfolda seg innan grensene for Ica-regionen. På regionmuseet i Ica kan ein sjå døme på den mest særeigne arv frå desse kulturane, tekstilkunsten. I tillegg finst fin keramikk frå nazca.

Litteratur
  • Rob Rachowiecki, Peru, 3. opplag, Lonely Planet (1996)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ica-regionen