Hopp til innhald

Giv'atayim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Giv'atayim
גִּבְעָתַיִם, Givatayim, Givataim
by
Panorama av Giv'atayim
Flagg
Våpenskjold
Namneopphav: To høgder
Land  Israel
Distrikt Tel Aviv distrikt
Koordinatar 32°04′11″N 34°48′42″E / 32.06972°N 34.81167°E / 32.06972; 34.81167
Areal 3,211 km²
Folketal 54 700  (2011)[1]
Folketettleik 17 035 / km²
Grunnlagd 1922
 •  Bystatus 1959
Borgarmeister Ran Kunik
Kart
Giv'atayim
32°04′11″N 34°48′42″E / 32.069722222222°N 34.811666666667°E / 32.069722222222; 34.811666666667
Kart som viser Giv'atayim.
Kart som viser Giv'atayim.
Kart som viser Giv'atayim.
Wikimedia Commons: Givatayim

Giv'atayim (hebraisk skrift גִּבְעָתַיִם, tyder «To høgder») er ein by i Israel aust for Tel Aviv. Han er ein del av storbyområdet kalla Gush Dan. Givatayim vart grunnlagd i 1922 av pionerar under den andre Aliyah. Han hadde eit folketal på 54 700 innbyggjarar i 2011.[1]

Namnet på byen kjem frå dei to høgdene han vart grunlagd på, Borochovhøgda og Kozlovskyhøgda. Kozlovsky er den høgaste åsen i Gush Dan-området med ei høgd på 85 meter over havet. Byen vart utvida i 1930-åra og dekkjer no i røynda 4 høgder.

Givatayaim rådhus

Arkeologiske ruinar syner at det har budd folk i området som i dag er Giv'atayim attende til koparsteinalderen. Den moderne byen vart grunnlagd den 2. april 1922 av ei gruppe på 22 pionerar leia av David Schneiderman. Gruppa kjøpte 300 mål land i utkanten av Tel Aviv som vart bydelen Borochov, det første arbeidarstrøket i landet. Han vart kalla opp etter Dov Ber Borochov, grunnleggjaren av arbeidarpartiet Poalei Zion. Seinare kom 70 nye familiar til gruppa, og fekk mindre tomter. Landområdet vart kjøpt med private midlar, men vart frivillig overført til Jewish National Fund, som organiserte jødisk busetjing på den tida, i tråd med sosialisttrua til pionerane.[2]

Giv'atayim hadde òg den første daglegvarehandelen i landet, som vart drive som eit samvirkelag (Tzarkhaniya) [3]. Denne var i drift fram til 1980-åra.

Venskapsbyar

[endre | endre wikiteksten]

Giv'atayim er venskapsby med:

  1. 1,0 1,1 «Statistical Abstract of Israel 2012 - No. 63 Subject 2 - Table No. 15». .cbs.gov.il. Arkivert frå originalen 20. oktober 2013. Henta 12. april 2015. 
  2. Sadeh, Shuki (10. juli 2008). «Land day». Haaretz. Henta 22. juli 2008. 
  3. «Giv'atayim - Official Site (hebraisk)». givatayim.muni.il. Arkivert frå originalen 8. februar 2009. Henta 8. januar 2009. 
  4. «Givatayim». Harbin.gov.cn. 15. mars 2007. Arkivert frå originalen 3. mars 2009. Henta 4. september 2015. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]