Black Night
Black Night Singel av Deep Purple | ||
B-side |
| |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. juni 1970 | |
Innspelt | Mai 1970 | |
Studio | De Lane Lea Studios | |
Sjanger | ||
Lengd | 3:28 | |
Selskap |
| |
Komponist | Ritchie Blackmore, Ian Gillan, Roger Glover, Jon Lord, Ian Paice | |
Tekstforfattar | Ritchie Blackmore, Ian Gillan, Roger Glover, Jon Lord, Ian Paice | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | Deep Purple | |
Deep Purple-kronologi | ||
«Hallelujah» (1969) |
Black Night | «Strange Kind of Woman» (1971)
|
«Black Night» er ein song av det engelske hardrockbandet Deep Purple, først gjeven ut som singel i juni 1970. Seinare vart songen gjeven ut som bonusspor på 25-årsjubileumsutgåva av albumet In Rock. Songen vart ein hit og nådde andreplassen i Storbritannia, den høgaste plasseringa bandet nokon gong klarte i heimlandet. Det var òg den første singelen deira som vart skriven av bandet.
Skriveprosess og innspeling
[endre | endre wikiteksten]Då In Rock var ferdig bad EMI om ein singel som dei kunne marknadsføre albumet med. Sjølv om Roger Glover hevdar at Ricky Nelson sit rockearrangement av George Gershwin-klassikaren «Summertime» frå 1962 var grunnlaget for «Black Night»,[3] har han òg likskap med Blues Magoos sin psykedeliske hitsong «(We Ain't Got) Nothin' Yet» frå 1966.[4] I BBC-dokumentaren «Heavy Metal Britannia» støttar organisten Jon Lord Glover på dette og sa at «Black Night vart stolen frå basslinja i Ricky Nelsons Summertime» som så spelte basslinja på klaveret sitt.[5]
Konsertversjonar
[endre | endre wikiteksten]«Black Night» hamna raskt på setlista til bandet, hovudsakleg som første ekstranummer. Songen vart ikkje spelt i sin heilskap etter at Ian Gillan og Roger Glover forlet bandet i 1973, men delar av han vart ofte spelt av Ritchie Blackmore som ein del av improvisasjonane hans. Under gjenforeininga av Deep Purple i 1984 kom «Black Night» attende til setlista. Det finst mange konsertopptak av songen på forskjellige konsertalbum.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Ian Gillan - vokal
- Ritchie Blackmore - gitar
- Roger Glover - bass
- Jon Lord - orgel
- Ian Paice - trommer
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- I 1982 spelte post-punkgruppa The Fall songen som ein del av medley med sin eigen song «Cash 'n' Carry", som finst på 2002-utgåva av Fall in a Hole.
- Metallica spelte introen under ekstranummera til konsertane sine i 1989.
- Bruce Dickinson - B-sida til singelen: «Dive, Dive, Dive», spelt inn i 1990.
- I 1991 spelte Vic Reeves inn songen for I Will Cure You.
- Bad Manners gjorde ein ska-versjon av songen på albumet Heavy Petting i 1997.
- CJ Crew spelte inn songen for samleplateserien Dancemania.
- Ein versjon finst på konsert-DVDen, Castles and Dreams av Blackmore's Night frå 2005.
- Pat Travers har spelt inn ein versjon av albumet P.T. Power Trio 2 i 2006.
- Songen vart spelt av det amerikanske death metal-bandet Deicide på albumet The Stench of Redemption, men med omskriven tekst.
- I 2007 spelte det finske power metal-bandet Twilight Guardians songen for det fjerde og siste albumet deira, Ghost Reborn, som eit bonusspor for den japanske versjonen av plata.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Black Night» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juni 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Buckley, Peter (2003). The Rough Guide to Rock. London: Rough Guides. ISBN 1-85828-201-2.
- ↑ Olivier Richard. CAMION BLANC: LA SOURIS DEGLINGUEE Histoire d'un groupe de rock'n'roll. CAMION BLANC. s. 9. ISBN 978-2-35779-476-4.
- ↑ Eddie Trunk (2011). Eddie Trunk's Essential Hard Rock and Heavy Metal. Abrams. s. 192. ISBN 978-1-61312-142-9.
- ↑ «The Making of Black Night». Rumba Magazine. 1993. Arkivert frå originalen 4. juni 2011. Henta 28. mai 2012.
- ↑ Smith, Sid (18. april 2007). «Deep Purple In Rock Review». BBC Music.
- ↑ BBC-Heavy Metal Brittania: at the 42:30 timeframe of the programme