Xibe
Xibe(ᠰᡞᠪᡝ) er ei folkegruppe som bor i provinsen Xinjiang og Mandsjuria i Folkerepublikken Kina. Folket er ei av dei 55 erkjende minoritetsgruppene i Kina.
Xibefolket, som er av mongolsk opphav, levde opphavleg kring elvane Nonni og Songhua i det sentrale Mandsjuria. Dei var ei av dei ni stammene som Nurhaci sigra over i slaget ved Gure i 1593. Folket var ein viktig alliert for mandsjuarane dår dei danna Qing-dynastiet i Kina i 1644. I samband med at Qianlong-keisaren erobra Dzungaria i 1759, grunnla han ein garnison beståande av xibe i Qapqal, sør for elva Ili.
Størstedelen av dei xibe som framleis bur i Qapqal talar xibe-språket, som vert rekna for ei dialekt av det lite brukte mandsjuiske språket. Dei fleste xibe-folk i Mandsjuria talar stort sett kinesiske dialektar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Stary, Giovanni. On the Tracks of Manchu Culture, 1644-1994: 350 Years after the Conquest of Peking. Wiesbaden: Harrassowitz, 1995.
- Chabucha'er Xibo zizhixian gaikuang. Ürümqi: Xinjiang renmin chubanshe, 1986.
- Denne artikkelen bygger på «Sibe (folk)» frå Wikipedia på svensk, den 25. mars 2011.