Veroli
Veroli er ein by og ein kommune i provinsen Frosinone i regionen Lazio i Italia. Kommunen har i kring 21 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 120 km². Byen Veroli ligg 594 meter over havet, 13 kilometer nordaust om provinshovudstaden Frosinone.
Landskap
[endre | endre wikiteksten]Gamlebyen i Veroli med sine 3 500 ibuarar ligg på ein åstopp mellom elvane Sacco og Liri. Flesteparten av ibuarane i kommunen bur i dalen mellom gamlebyen og klosteret Casamari. Kommunen strekker seg frå slettelandet Ciociaria til Monte del Passeggio, 2066 meter over havet.
Soge
[endre | endre wikiteksten]Det antikke Verŭlae var frå 8. hundreåret før Kristi fødsel ein viktig by for hernikarane. Dei var i forbund med Roma og gjekk straks inn Romarriket då dette vart danna.
Frå 743 har Veroli vore biskopssete. I 877 vart byen plyndra av sarasenarar. I striden mellom pave Gregor IX og keisar Fredrik II stilte Veroli seg på paven si side og var sidan nært knytt til Vatikanet. Byen vart sterkt skadd av eit jordskjelv i 1350.
På 1500-talet vart Veroli erobra av spanske styrkar. Men etterpå vart kontakta med paven fornya, og byen vart deretter styrt av kardinalar. I 1870 vart byen innlemma i kongeriket Italia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Veroli» frå Wikipedia på tysk, den 19. juli 2015.