Regissør
Utsjånad
Regissør, òg kalla iscenesetjar, viser til ein person som har regi, det vil seia ansvaret for å iscenesetta dramaturgiske verk, som skodespel, filmar og fjernsynsinnspelingar. Regissøren står for den kunstnariske planlegginga og korleis manus til eit stykke skal tolkast.
Ordet er avleidd av eit fransk ord, men på fransk bruker ein i dag nemningane metteur en scène (som tyder iscenesetjar) eller réalisateur om yrket. På engelsk er ein som har denne rolla ein director og på dansk er han ein instruktør.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Regissør» frå Wikipedia på bokmål, den 25. februar 2010.