Hopp til innhald

Millom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Millom
by
Hodbarrow fyr i Millom
Land  England
Region Cumbria
Distrikt Cumberland
Folketal 7 240
Postnummer LA18
Retningsnummer 0 1229
Kart
Millom
54°12′35″N 3°16′13″W / 54.209638888889°N 3.2701888888889°W / 54.209638888889; -3.2701888888889
Wikimedia Commons: Millom

Millom er ein by sør i grevskapet Cumbria i England. Han har kring 7000 innbyggjarar og ligg ved utløpet til elva Duddon. Byen ligg like utanfor Lake District nasjonalpark, rundt 6 mile (10 kilometer) nord for Barrow-in-Furness (23 mi eller 37 km via veg) og 26 mi (42 km) sør for Whitehaven. Namnet tyder 'ved møllene' på Cumbria-dialekt.[1]

Millom er ein ny by som blei bygd frå 1866, og tok over den eldre landsbyen Holborn Hill. Han blei bygd kring eit jernverk, og voks til han hadde eit folketal på over 10 000 på 1960-talet. Stenginga av jernverket i 1968 førte til nedgang. Millom er elles kjend som fødestaden til diktaren Norman Nicholson, og for historiske lenkjer til rugby league.

  1. Reader's Digest Atlas of the British Isles, place name index.