Hallingdal prosti
Utsjånad
Hallingdal prosti er eit tenestedistrikt i Tunsberg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Nes og Ål.[1] Prosten har sete i Ål kor Ål kyrkje er prostikyrkje.[2]
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.
Sokn og tidlegare prestegjeld i Hallingdal prosti
[endre | endre wikiteksten]- Flå og Nes, tidlegare Nes prestegjeld
- Flå sokn
- Nes sokn
- Gol - tidlegare var Gol og Hemsedal slått saman og heitte Gol og Hemsedal prestegjeld. Sokna var dei same som no; Gol, Herad og Hemsedal sokn.
- Hemsedal
- Hol, tidlegare Hol prestegjeld med
- Ål, tidlegare Ål prestegjeld med
- Ål sokn
- Torpo sokn
- Leveld sokn
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hallingdal prosti frå Den norske kyrkja
- ↑ Ål kyrkje[daud lenkje] frå Kyrkjesøk