Det Nordlandske Dampskibsselskab
Det Nordlandske Dampskibsselskab | |||
Bransje | Sjøfart, kollektivtransport, transport | ||
---|---|---|---|
Skipa | 13. august 1927 | ||
Nedlagd | 1981 | ||
Hovudkontor | Bodø | ||
Land | Noreg | ||
Lagnad | slått saman med Saltens Dampskibsselskab |
Det Nordlandske Dampskibsselskab (NDS) var eit norsk reiarlag med hovudkontor i Bodø. Reiarlaget vart stifta 13. august 1927 og dreiv kystruter og godstrafikk. Frå november 1945 til 1958 hadde NDS eit skip i fast rotasjon i hurtigruten. I 1981 vart reiarlaget slått saman med Bodø-reiarlaget Saltens Dampskibsselskab.
Historie
[endre | endre wikiteksten]NDS kjøpte DS «Skjerstad» frå Saltens Dampskibsselskab i juli 1927 (før NDS var formelt konstituert). Kjøpesummen var 93 400 kroner, og skipet vart sett inn på ruta Saltdalen – Bodø – Trondheim. I 1929 kjøpte NDS to skip til, og starta opp rutetrafikk mellom Tromsø og Hamburg i Tyskland. Under andre verdskrig vart DS «Skjerstad» senka, men allereie i september 1940 skaffa reiarlaget ei erstatning ved hjelp av forsikringspengane. Dette skipet vart døypt DS «Skjerstad», og vart ombygd og oppgradert i 1945.
Etterkrigsåra
[endre | endre wikiteksten]Mange av hurtigruteskipea vart senka under andre verdskrig, og etter frigjeringa var det stor mangel på skip. Departementet godkjende difor i 1945 at DS «Skjerstad» vart sett inn i hurtigrutetrafikk på trass av at ho berre gjorde 12 knop. Føresetnaden for å få halda fram i hurtigruten var at reiarlaget gjekk til innkjøp av eit nytt og meir moderne skip. NDS hadde konkrete planar om å kontrahera eit nytt hurtigruteskip, men plana vart aldri realisert, og i 1958 mista NDS sin plass i hurtigruten.
Rederiet heldt fram med godstrafikk, og inngjekk samarbeidsavtale med Ofotens Dampskibsselskab (ODS). NDS og ODS var to av reiarlaga som i 1971 danna kystsamseglinga Nord-Poolen. I 1977 fekk NDS overlevert eit nybygd godsskip som vart døypt MS «Nordvær». Reiarlaget gjekk med tap i byrjinga av 80-talet, og vart i 1981 slått saman med Saltens Dampskibsselskab. 31. oktober 1989 fusjonerte Saltens Dampskibsselskab med Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab (OVDS), som i sin tur fusjonerte med Troms Fylkes Dampskibsselskap (TFDS) i 2006 og danna Hurtigruten OS.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Det Nordlandske Dampskibsselskab» frå Wikipedia på bokmål, den 4. august 2020.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Hurtigrutemuseet – Rederier Vitja 31. august 2009
- Omfattande side om hurtigrutene (Vel «Rederier» og NDS) – Vitja 5. oktober 2008