Wittenberg
Wittenberg | |
---|---|
Marknadsplassen med det gamle rådhuset, statue av Martin Luther og Stadtkirche | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Sachsen-Anhalt Sachsen Wittenberg |
Ordførar | Eckhard Naumann (SPD) |
Geografi | |
Flatevidd - By |
240.32 km² |
Innbyggjarar - By (2012) - folketettleik |
46930 195/km² |
Koordinatar | 51°52′N 12°39′E / 51.867°N 12.650°E |
Høgd over havet | 75 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 06886, 06888, 06889 |
Telefon-retningsnummer | 03491, 034920, 034928, 034929 |
Bilnummer | WB, GHC, JE |
Heimeside: www.wittenberg.de |
Lutherstadt Wittenberg, er ein by i den tyske delstaten Sachsen-Anhalt, liggjande ved Elben. Wittenberg har ei rekkje bygningar frå 1400- og 1500-talet. Byen vart éit av dei viktigaste sentera for tysk politikk, kunst og kultur på 1500-talet. Reformasjonen starta her i 1517 då Martin Luther slo opp dei 95 tesane sine på døra til slottskyrkja. Martin Luther, Philipp Melanchthon og Lucas Cranach den eldre arbeidde her og Luther, Melanchton og Fredrik den vise er gravlagt i byen. Husa til Luther og Melanchton, bykyrkja og slottskyrkja er frå 1996 oppført på UNESCO si liste over kulturarv i verda som minnesmerke over Luther. Wittenberg var hovudstad i den saksiske Kurkreisen og residens for hertugane, seinare kurfyrstane av Sachsen-Wittenberg. Seinare vart byen òg sentrum for kjemisk industri og eit viktig jernbaneknutepunkt på strekningane Berlin-Leipzig og Magdeburg-Dresden.
Historie
Den eldste skriftlege dokumentasjonen der Wittenberg nemnt er frå omkring 1180; byen skal ha vorte grunnlagd av flamske kolonistar ved sida av ei borg.
Viktige årstal og datoar
- 1293 Hertug Albrecht II av Sachsen-Wittenberg tildeler Wittenberg byrettar.
- 1486 - 1525 Fredrik den vise residerer i Wittenberg, byen vert mektigare
- 1502 Universitetet Leucorea grunnleggjast
- 1508 Martin Luther kjem til Wittenberg, og blir her teologiprofessor
- 31. oktober 1517 Martin Luther slår opp sine 95 tesar mot avlatshandelen på kyrkjedøra til slottskyrkja, noko som markerer byrjinga på reformasjonen i Tyskland.
- 1518 Melanchthon blir professor (Praeceptor Germaniae)
- 1537 Renessansemaleren Lucas Cranach den eldre blir Wittenbergs borgarmeister.
- 1815 Wittenberg blir prøyssisk
- 1938 Wittenberg får offisielt tildelt tilnamnet Lutherstadt.
Kultur og attraksjonar
Slottskyrkja vart bygd mellom 1490 og 1509, og det indre utsmykkinga er utført av Lucas Cranach den eldre og Albrecht Dürer. Etter at Martin Luther hadde slått opp tesane sine her, varte det inntil 1524 før det vart halde evangeliske gudstenester. Under sjuårskrigen vart slottskyrkja øydelagt og deretter gjenoppbygd.
Andre attraksjonar er kyrkja, marknadsplassen, Melanchthonhaus, Cranachuset, Hundertwasserskolen og Lutherhuset.
Venskapsbyar
- Göttingen (Niedersachsen) sidan 1988
- Bretten (Baden-Württemberg) sidan 1990
- Springfield (Ohio) USA sidan 1995
- Békéscsaba (Ungarn) sidan 1999
- Haderslev (Danmark) sidan 2004