Svein Gjedrem
Svein Gjedrem | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. januar 1950 (74 år) Finnøy |
Yrke | samfunnsøkonom, fotballspelar, forretningsdrivande |
Svein Ingvar Gjedrem (fødd 25. januar 1950) var sentralbanksjef i Noreg og leiar for hovudstyret i Noregs Bank frå 1999 til 2010. Han har òg vore ekspedisjonssjef i Økonomiavdelingen i Finansdepartementet og finansråd same stad.[1]
Gjedrem er frå Finnøy kommune. Han er utdanna samfunnsøkonom ved Universitetet i Oslo i 1975. Før han vart sentralbanksjef arbeidde han i Finansdepartementet i perioden 1979-1998 og i Noregs bank 1975-1979.
Mens Gjedrem var sjef for Noregs Bank, har det skjedd store endringar i den norske pengepolitikken. I januar 1999, like etter at han begynte i stillinga som sentralbanksjef, gjekk han ut med at han ville styre mot eit inflasjonsmål på 2 % i staden for den tidlegare målsetjinga om ein stabil kronekurs i høve til europeiske valutaer. I mars 2001 kom regjeringa Stoltenberg I med ei ny forskrift, som la det operasjonelle målet for pengepolitikken på 2,5 %. Gjedrem vart etterfølgd som sentralbanksjef av Øystein Olsen.
Gjedrem har òg ein karrière som fotballspelar. Mellom anna har han spelt for Viking og Lyn.
Sjå òg
Kjelder
- ↑ Finansråd Svein Gjedrem frå Regjeringa