Roy
Utsjånad
Roy er eit namn som kan brukast som mannsnamn og slektsnamn. Det har norsk namnedag den 3. november.
Mannsnamnet Roy er av skotsk opphav. Namnet er avleidd av det keltiske tilnamnet Ruadh, som tyder 'raud'. I engelsk samanheng er det også blitt knytt til fransk roi, 'konge', ofte skrive roy på engelsk. Namnet Leroy har derimot fransk opphav.
Roy er eit mykje brukt indisk slektsnamn.
Namneberarar
Mannsnamn
- Robert Roy MacGregor (1671–1734), skotsk klanleiar kjend som Rob Roy
- Roy Clapham (1904-1990), engelsk botanikar
- Roy Rogers (1911–1998), amerikansk songar og skodespelar
- Roy Lichtenstein (1923–1997), amerikansk kunstnar
- Roy Harold Scherer Jr. (1925-1985), amerikansk skodespelar kjend som Rock Hudson
- Roy Glauber (f. 1925), amerikansk fysikar som vann Nobelprisen
- Roy Haynes (f. 1925), amerikansk jazztrommeslagar
- Roy Orbison (1936–1988), amerikansk artist
- Roy Magnus Løken (1938-2006), norsk lækjar
- Roy Babbington (f. 1940), engelsk bassist
- Roy Hodgson (f. 1947), engelsk fotballtrenar
- Roy Bittan (f. 1949), amerikansk keyboardist, samarbeider med Bruce Springsteen
- Roy Jacobsen (f. 1954), norsk forfattar
- Roy Waage (f. 1963), ordførar i Skjervøy
- Roy Lønhøiden (f. 1964), norsk komponist, tekstforfattar og artist
- Roy Holte (f. 1970), norsk styrkeløftar
- Roy Søbstad (f. 1971), norsk serieteiknar
- Roy Fyllingen (f. 1975), norsk sjakkspelar
Slektsnamn
- Arundhati Roy (f. 1961), indisk forfattar og aktivist
Kjelder
- Hanks, Patrick; Hardcastle, Kate; Hodges, Flavia (2006), «Roy», A Dictionary of First Names (Oxford University Press)