Nils A. Lavik
Utsjånad
Nils A. Lavik | |||
Fødd | 8. januar 1884 Hosanger kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 14. juli 1966 (82 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti (1933; 1966), Venstre (1933) | ||
Yrke | politikar, bonde, journalist | ||
Far | Andres Lavik | ||
Alle verv |
|
Nils Andresson Lavik, (8. januar 1884–14. juli 1966), var ein norsk politikar, redaktør, predikant og småbrukar frå Eksingedalen, i noverande Vaksdal kommune. Han var Kristeleg Folkeparti sin fyrste representant til Stortinget. Andres Lavik var far hans.
I perioden 1931 til 1933 var Lavik vararepresentant til Stortinget for Venstre. Før stortingsvalet i 1933 vart han forbigått i nominasjonen til Hordaland Venstre, og dette var ei av dei utløysande årsakene til at det nye partiet Kristeleg Folkeparti vart skipa same år. Lavik vart vald inn frå Hordaland for Kristeleg Folkeparti, og sat på Stortinget til 1953. Han var formann i Kristeleg Folkeparti frå 1938 til 1951.
Litteratur
- Kristian Helland, Pietist i kulturkamp: Nils Lavik og framveksten av Kristeleg Folkeparti (NLA-forlaget, 2003).
Bakgrunnsstoff
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1884
- Døde i 1966
- Leiarar for Kristeleg Folkeparti
- Stortingsrepresentantar 1934-1936
- Stortingsrepresentantar 1937-1945
- Stortingsrepresentantar 1945-1949
- Stortingsrepresentantar 1950-1953
- Stortingsrepresentantar frå KrF
- Stortingsrepresentantar for Hordaland
- Venstrepolitikarar
- Norske redaktørar
- Norske gardbrukarar
- Folk frå Vaksdal
- KrF-politikarar i Hordaland