James Cameron
James Francis Cameron, også kjent som Jim Cameron, (fødd 16. august 1954 i Canada) er ein canadisk Oscar- og Golden Globe-prisa filmprodusent, regissør, manusforfattar og oppfinnar.[1][2] Han flytta til USA i 1971. James Cameron er kjent for mange regisserte og skrivne filmar som The Terminator (1984), Aliens (1986), The Abyss (1989), Terminator II (1991), Titanic (1997) og Avatar (2009). Dei siste to filmane er dei to mest innbringande filmane i historia på verdsbasis.
Oppvekst
James Cameron vart fødd i Kapuskasing i Ontario i Canada, men voks opp i Chippawa utanfor Niagara Falls i Ontario. I 1971 flytta familien hans til California i USA, der Cameron begynte å studere fysikk. Samtidig hadde han ein stor lidenskap for filmproduksjon, og mykje tid vart brukt i filmarkivet til UCLA. Her likte han seg veldig godt, så mykje at han fann fort ut at film var den største lidenskapen hans.
Filmar
- Piraya II: Flying Killers (1981)
- The Terminator (1984)
- Rambo: First Blood Part II (1985)
- Aliens (1986)
- The Abyss (1989)
- Terminator II (1991)
- True Lies (1994)
- Titanic (1997)
- Dark Angel (2000–02)
- Avatar (2009)
Neste prosjektet til Cameron, er filmen Battle Angel som er planlagt utgjeve rundt 2012. Cameron har også sagt at han er interessert i å gje ut ei 3D utgåve av Titanic.
Referansar
- ↑ A. Thomspon (11. desember 2009). «The Innovative New 3D Tech Behind James Cameron's Avatar» (på engelsk). Fox News. Henta 27. desember 2009.
- ↑ «James Cameron returns to abyss with Reality Camera System» (på engelsk). Sony. desember 2009. Henta 27. desember 2009.
Bakgrunnsstoff
- (en) Imdb.com: James Cameron