Gedera
Gedera | |||
גְּדֵרָה, Gdera, Gadera | |||
lokal kommune | |||
Gedera frå Tel Qatra
| |||
Namneopphav: Sauekve [1] | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Del av | Det sentrale distriktet i Israel | ||
Koordinatar | 31°48′58.66″N 34°46′37.23″E / 31.8162944°N 34.7770083°E | ||
Areal | 14,5 km² | ||
Folketal | 21 500 (2009)[2] | ||
Folketettleik | 1 483 / km² | ||
Grunnlagd | 1884 | ||
Borgarmeister | Yoel Gamliel | ||
Gedera 31°48′50″N 34°46′42″E / 31.813888888889°N 34.778333333333°E | |||
Kart som viser Gedera.
| |||
Wikimedia Commons: Gedera |
Gedera eller Gdera (hebraisk skrift גְּדֵרָה) er ein by i Sentral-Israel i Israel som vart grunnlagd i 1884. Han ligg 13 km sør for Rehovot.[3] I 2009 hadde Gedera eit folketal på 21 500.[2]
Historie
Gedera er nemnt i Første Krønikebok 4:23 og Josvas bok 15:36 som ein by i området til Juda.[1] Denne samanhengen vart føreslått av Victor Guérin på 1800-talet,[4] men avvist som umogeleg av William F. Albright som identifiserte byen med al-Judeira.[5][6] Gedera i Bielen er no identifisert med Khirbet Judraya, 1 km sør for Bayt Nattif.[7][8]
Tel Qatra, som ligg ved nordenden av Gedera, er vanlegvis identifisert som Kedron, ein festningsstad som selevkidane bygde mot hasmonaerane (1 Mak. 15:39-41, 16:9).[9] Han er òg identifisert som Gedrus, ein stor landsby i tida til Eusebius (300-talet).[9] Eusebius identifiserte Gedrus med den bibelske Gedor, som er eit namn som òg finst på Madabakartet, men fleire andre stader for Gedor er òg føreslått.[9]
Tell Qatra vart okkupert frå mellombronsealderen til minst tidleg islamsk tid.[9] Ein gong mellom då og mellomalderen vart busetnaden flytta til sørsida av foten av haugen, der den arabiske landsbyen Qatra eksisterte fram til 1948.[9] På toppen i den bysantinske tida hadde haugen minst ein stor offentleg bygning.[9]
Gedera vart grunnlagd vinteren 1884 av medlemmar frå Bilu-gruppa, sør for Qatra.[10] Gedera vart grunnlagd på eit landområde som vart kjøpt av Yehiel Michel Pines for Hovevei Zion frå den franske konsulen i Jaffa, Poliovierre.[11][12] Dei første pionerane kom til staden under Hanukah. I 1988 bygde Benjamin og Mina Fuchs det første steinhuset i Gedera, som seinare vart nytta som eit forsamlingshus for Bnai Brith.[13]
I 1912 slo ei gruppe jemenittiske immigrantar seg ned i Gedera. Under Det britiske mandatet vart Gedera ein populær stad på grunn av det milde klimaet og den friske lufta. I 1949-1953 kom tusenvis av immigrantar frå Jemen, Romania, Irak, Polen, Egypt, Marokko, Tunisia, India, Iran, Libya og andre land hit og budde i teltleirar.[14]
Landområdet som Gederah vart grunnlagd på hadde ein gong høyrt til arabarane i Qatra, som hadde mista området på grunn av gjeld.[10] Dei dyrka jorda som leigebønder då dei jødiske eigarane kom og ytte motstand mot det dei meinte var ei inntrenging på landområdet sitt.[10] I følgje ei anna soge var landområdet faktisk eigd av Qatra, men hadde av styresmaktene blitt gjeve til den nærliggande landsbyen Mughar då Qatra sa frå seg eigarskap for å unngå ei viss mordanklage.[12] Mughar selde det så til Polivierre, som selde det til Pines.[12] Dette, og den korte avstanden mellom dei to stadane, førte til dårleg forhold mellom dei to samfunna, og stundom valdelege samanstøytar.[10] Israel Belkind, eit medlem avBilu, skildra forholdet mellom Gedera og dei arabiske naboane som det verste av alle busetnader.[10] Haim Hissin, som òg var Bilu-medlem, kritiserte arabarane for den provoserande oppførselen sin, men skulda jødane for å vere urettvise og arrogante.[10]
Qatra vart avfolka av den paramilitære gruppa Haganah den 17. mai 1948.[15]
I 1950-åra vart det grunnlagd eit nabolag kalla Oriel («Guds lys») for nye immigrantar med synlege funksjonshemmingar. Immigrantane arbeidde i verna verkstader og nabolaget vart spesifikt planlagt for å fremje sjølvstendet deira.[16]
I 9. februar 2009 råka ein Grad-rakett frå Gazastripa Gedera, og var det nordlegaste punktet som vart råka av kring 200 rakettar som vart skotne mot det sørlege Israel.[17]
Geografi
Gedera er bygd på sju åsar i Shfela, som stig til 80 meter over havet. Byen dekkjer eit areal på 14,5 km².[2] Gedera vert rekna å ligge heilt sør i det sentrale Israle, medan Hadera vert rekna å ligge heilt i nord. Dette har i Israel gjeve uttrykket «frå Hadera til Gedera» for å skildre dei mest folkerike områda i Israel.
Økonomi
Hovudnæinga i Gedera var dei første åra dyrking av druer og korn. Sitrus og andre avlingar kom seinare. I 1930-åra vart det starta opp fleire industriar og moshavaen vart ein feriestad.[3]
Venskapsbyar
Gedera er venskapsby med:
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Gedera» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2015.
- ↑ 1,0 1,1 The Guide to Israel, Zev Vilnay, Jerusalem 1972, s.254-256
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Table 3 – Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. Henta 6. juli 2015.
- ↑ 3,0 3,1 Gedera, arkivert frå originalen 30. juni 2012, henta 6. juli 2015
- ↑ M. V. Guérin (1869). Description géographique, historique et archéologique de la Palestina. Judée II. Paris. s. 35.
- ↑ W. F. Albright (1921/1922). «Contributions to the Historical Geography of Palestine». Annual of the American School of Oriental Research in Jerusalem 2/3: 1–46.
- ↑ W. F. Albright (1922/1923). «Excavations and results at Tell El-Fûl (Gibeah Of Saul)». Annual of the American Schools of Oriental Research 4: 117. doi:10.2307/3768487.
- ↑ Shmuel Vargon (1992). «Gedud: A Place-Name i Shephelah of Judah». Vetus Testamentum 42: 557–564. doi:10.2307/1518965.
- ↑ Yehudah Dagan (2009). «Khirbet Qeiyafa i Judean Shephelah: Some Considerations». Tel Aviv 36: 68–81.
- ↑ 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 Moshe Fischer, Itamar Taxel, David Amit (2008). «Rural settlement in the vicinity of Yavneh in the Byzantine period: A religio-archaeological perspective». Bulletin of the American Schools of Oriental Research: 7–35.
- ↑ 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 10,5 Yuval Ben-Bassat (2009). «Proto-Zionist-Arab encounters in late nineteenth-century Palestine: Socioregional dimensions». Journal of Palestine Studies 38: 42–63. doi:10.1525/jps.2009.38.2.42.
- ↑ Israel Antiquities Authority, Conservation: Gedera, Tel Qatra,
- ↑ 12,0 12,1 12,2 Arieh L. Avnieri (1984). The Claim of Dispossession; Jewish Land-Settlement and the Arabs, 1878-1948. New Brunswick and London: Transaction Books. s. 90.
- ↑ Early settlements: Gedera
- ↑ Society for the Preservation of Heritage Sties, arkivert frå originalen 5. mars 2012, henta 6. juli 2015
- ↑ B. Morris (2004). The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited. Cambridge University Press. s. 255. ISBN 0-521-00967-7.
- ↑ Oriel: a neighborhood for people with visibile impairments in Israel: 1950-67
- ↑ Grad rockets slam into Ashdod, Gedera, Jerusalem Post