Eldar Rønning
Eldar Rønning | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. juni 1982 (42 år) Levanger kommune |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014, Ski-VM 2005, Ski-VM 2007, Ski-VM 2009, Ski-VM 2011, Ski-VM 2013 |
Utmerkingar | Holmenkollmedaljen |
Eldar Rønning (fødd 11. juni 1982) er ein norsk langrennsløpar som representerer Skogn idrettslag i Levanger. Han vann VM-sølv på 15 km i 2011 og VM-bronse i sprintøvinga i 2007, dessutan vart han verdsmeister i stafett for Noreg både i 2007, 2009 og 2011. Rønning vart noregsmeister på 15 km i 2011. I tida 2005 til 2012 har han vunne sju renn i verdscupen i langrenn.
Karriere
Rønning slo gjennom i 2005, då han kom på pallen i tre verdscuprenn i sprint, mellom desse ein siger i Reit im Winkl. Samanlagd vart han nummer to i kampen om sprintpokalen i verdscupen, berre slått av landsmannen Tor Arne Hetland. Han representerte Noreg i sprintøvinga under VM i Oberstdorf, der han enda på ellevteplassen.
Han innleia 2006/07-sesongen med siger i opningsrennet i verdscupen, sprintrennet i Düsseldorf. Dagen etter og på same staden kom Rønning på andreplass i sprintstafetten, saman med Øystein Pettersen. I november 2006 vann han sitt fyrste eigentlege langrenn i verdscupen; 15 km i klassisk stil i finske Kuusamo. Under verdsmeisterskapen i Sapporo i 2007 spurta Rønning inn til bronsemedalje på sprinten, og gjekk opningsetappen for det norske gullaget på 4x10 km stafett. Samanlagt kom han på tredjeplassen i verdscupen i 2007-sesongen. I 2008-sesongen vann Rønning ein verdscupsiger; sprinttevlinga i Otepää. Han kom på sjuandeplass i verdscupen i sprint og på 13. plass totalt i verdscupen.
Rønning forlet det norske sprintlandslaget ved sesongslutt våren 2008. Han satsa i staden på reint langrenn. I Ski-VM 2009 i tsjekkiske Liberec opna han for det norske stafettlaget på 4x10 km, og saman med Odd-Bjørn Hjelmeset, Tore Ruud Hofstad og Petter Northug forsvara han VM-tittelen for Noreg, som vann føre Tyskland.
I 2011 gjekk Rønning inn til sin fyrste verdscupsiger på tre år då han vann 15 km i klassisk stil i Otepää. Under noregsmeisterskapen på ski i 2011 vart Rønning noregsmeister då han vann 15 km framom Martin Sundby og Thomas Alsgaard. I verdsmeisterskapen på ski i Holmenkollen tok Rønning sølvmedaljen på 15 km. Han var i mål 13,3 sekund etter den finske gullvinnaren Matti Heikkinen. Rønning tok så gull på stafetten etter å ha gått ein sterk andreetappe, der han tok inn 22 sekund på Sveriges løpar på etappen, Johan Olsson.
Rønning spurta i mars 2012 inn til siger på femmila i Holmenkollen.
Verdscupsigrar
Nr. | Dato | Stad | Øving |
---|---|---|---|
1. | 13. februar 2005 | Tyskland Reit im Winkl | Sprint |
2. | 28. oktober 2006 | Tyskland Düsseldorf | Sprint |
3. | 26. november 2006 | Finland Kuusamo | 15 km klassisk |
4. | 13. desember 2006 | Italia Cogne | 15 km klassisk |
5. | 10. februar 2008 | Estland Otepää | Sprint |
6. | 22. januar 2011 | Estland Otepää | 15 km klassisk |
7. | 10. mars 2012 | Noreg Oslo | 50 km klassisk |
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
- Ski-NM 2004: Nr 11 på 15 km i Bardufoss
- Ski-NM 2005: Nr 6 på 30 km på Lillehammer
- Ski-NM 2006: Nr 7 på 15 km på Kongsberg
- Ski-NM 2007: Bronsemedalje på 50 km i Nybygda
- Ski-NM 2008: Bronsemedalje på femmila/56 km, Støren/Selbu
- Ski-NM 2009: Bronsemedalje på 15 km på Gjøvik
- Ski-NM 2010: Nr 4 i sprint og nr 5 på 30 km
- Ski-NM 2011: Gull på 15 km og sølv på 30 km i Steinkjer
- Ski-NM 2012: Sølvmedalje på 50 km i Fauske
- Ski-NM 2013: Nr 5 på 30 km på Vang
- Ski-NM 2014: Nr 7 på 50 km på Gålå
- Ski-NM 2015: Nr 8 på 50 km i Harstad
Bakgrunnsstoff
- (en) Eldar Rønning – Profil og resultatoversikt hos FIS
- Eldar Rønning i olympedia.org