Hopp til innhald

Dolly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Dolly.

Dolly er ein stutt tilhengar med svingskive som vert dregen av ein lastebil, slik at han kan trekkja ein semitrailer. Ein dolly har som oftast boggi for å auka tillate akseltrykk. Dolly vert som oftast nytta som ein del i eit modulvogntog. I Noreg vert dolly rekna som eige køyretøy og må ha lys og registreringsnummer, på lik linje med andre tilhengarar.


I Sverige og Finland er bruk av dolly vanleg, medan det i Danmark og Noreg er førebels er lite utbreidd. Dolly kan òg nyttast for å flytta semitrailerar på terminalar, når ein ikkje har ei trekkvogn med svingskive til rådvelde.