Dei slovakiske malmfjella
Dei slovakiske malmfjella | |||
Land | Slovakia | ||
---|---|---|---|
Dei slovakiske malmfjella 48°45′N 20°15′E / 48.75°N 20.25°E | |||
Wikimedia Commons: Slovak Ore Mountains |
Slovenské rudohorie eller Dei slovakiske malmfjella er ei stor fjellkjede i Spišregionem i Slovakia og ein del av Karpatane. Ho er den største fjellkjeda i Slovakia og høyrer til Dei indre Vest-Karpatane.
Fjellkjeda grensar til Zvolen i vest, Košice i aust, elvane Hron og Hornád i nord og Juhoslovenská kotlina og Košicebekkenet (Košická kotlina) i sør.
Den høgaste toppen er Stolica på 1476 meter over havet. Fjellkjeda er om lag 140 km lang og 40 km brei og dekkjer eit område på 4000 km². I tidlegare tider var det mange gruver i fjellområda, som namnet viser til, men ingen av desse er i drift i dag.
Inndeling
Fjella har ikkje ein sentral rygg og består av fleire mindre delar:
- Veporfjella (Veporské vrchy)
- Spiš-Gemer Karst (Spišsko-gemerský kras)
- Stolické vrchy (Stolicafjella)
- Revúcka vrchovina (Revúcahøglandet)
- Volovské vrchy (Volovecfjella)
- Čierna hora (Det svarte fjellet)
- Rožňavská kotlina (Rožňavabekkenet)
- Slovak Karst (Slovenský kras) og Nord-Borsod Karst (ungarsk: Észak-Borsodi karszt; ligg nord i Ungarn)
Verna område
Slovenské rudohorie omfattar Muránska planina nasjonalpark, Slovakisk Karst nasjonalpark og Slovakisk Paradis nasjonalpark.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Slovak Ore Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juli 2008.