Coleford i Gloucestershire
Coleford | ||
---|---|---|
Coleford baptistkyrkje | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Gloucestershire | |
Distrikt | Forest of Dean | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
8 351 | |
Koordinatar | 51°47′N 2°37′W / 51.783°N 2.617°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | GL16 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1594 | |
Coleford er ein liten marknadsby i Gloucestershire i England. Han er administrasjonssenter for distriktet Forest of Dean, og ligg omkring 6,5 km aust for grensa til Wales. Nærleiken til Wye Valley tyder at byen er populær blant sykkel-, kano- og fotturistar.
Byen er ein av dei eldste i distriktet. Han vart lite påverka av kolgruvedrifta i området på 1800-talet og byrjinga av 1900-talet, og er derfor svært forskjellig frå Cinderford, den einaste andre byen på same storleik i distriktet. Arkitekturen er for det meste georgiansk på overflata; det dreier seg i dei fleste tilfelle om fasadar som er sett på eldre bygningar. Klokketårnet i sentrum var opphavleg tårnet til ei kyrkje som vart reist i 1821. I 1882 fann ein at kyrkja var altfor liten, og ei ny, St. John's, vart bygd i ei åsside i utkanten av byen. Den gamle vart riven, men klokketårnet fekk stå. Den gamle marknadshallen stod ved sidan av tårnet til 1960-åra, då ein valde å rive fleire eldre bygningar som ikkje lenger tente noko praktisk formål.
Då gruvene byrja å stenge i 1950-åra klarte Coleford seg betre enn mange andre stader i området, dels fordi han aldri vart så avhengig av gruvedrifta, og dels fordi han som ein eldre og meir etablert by hadde andre bein å stå på. Turisme er no ein svært viktig næringsveg. Det finst òg ein stor fabrikk, som opphavleg vart driven av Beechams og som no høyrer til GlaxoSmithKline. Fabrikken er den einaste produksjonsstaden i Storbritannia for Ribena og Lucozade.
Byen har namn frå elva Cole, som møter ei anna elv ved ein naturleg vadestad (en ford) i sentrum. Elva vart lagt i røyr på 1800-talet, men i 2001 opna ein ei strekning igjen.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Coleford (Gloucestershire)» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juli 2011.