Celle i Tyskland
Celle | |
---|---|
Gamlebyen i Celle | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Niedersachsen Ingen Celle |
Først nemnd i | 986 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
176,01 km² |
Innbyggjarar - By (2013) - folketettleik |
68 508 389/km² |
Koordinatar | 52°37′0″N 10°05′0″E / 52.61667°N 10.08333°E |
Høgd over havet | 39-73 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 29221–29229 |
Telefon-retningsnummer | 05141 |
Bilnummer | CE |
Heimeside: www.celle.de |
Celle er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 68 000 innbyggjarar. Byen ligg i den sørlege delen av Lünebuger Heide ved elva Aller, som er ei sideelv til Weser.
Historie
Celle vart først nemnd i eit dokument frå 986 som Kellu, og hadde rettar til å prege sine eigne myntar (Münzrecht) på 1000-talet. I 1292 gav hertug Otto den strenge (1266–1330) frå huset Welf, som regjerte Fyrstedømet Lüneburg frå 1277 til 1330, Celle byrettar. I 1378 vart Celle residens for hertugane av Sachsen-Wittenberg og i 1433 for hertugane av Braunschweig-Lüneburg. Hertugpalasset låg i eit hjørne mellom elva Aller og sideelva hennar Fuhse. I 1433 vart det bygd ei vollgrav mellom dei to elvane og gjorde bysentrumet om til ei øy. I 1705 døydde den siste hertugen av Braunschweig–Lüneburg-linja, og Celle, i lag med Fyrstedømet Lüneburg, gjekk til Hannover. I august 1714, vart Georg, fyrste av Hannover og hertug av Braunschweig-Lüneburg (kong Georg I) konge av Storbritannia. Mellom då og 1866, då byen vart ein del av Preussen under den austerriksk-prøyssiske krigen, var Celle britisk eigedom.
Den dansk-norske dronninga Caroline Mathilde, syster til Georg III av Storbritannia, ligg gravlagd i slottskyrkja i Celle.[1]
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Celle» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juni 2007.
Referansar
- ↑ Caroline Mathilde (1751 - 1775) frå Dansk Kvindebiografisk Leksikon