Cava vin
Cava er ein spansk musserande vin som vert laga i Catalonia. Cava vert laga på same måte som champagne.[1][2]
Soge
Fransk champagne vart introdusert i Catalonia etter okkupasjonen av den franske hæren i 1823 til 1827. Luis Justo y Villanueva, frå Instituto Agrícola Catalão de Santo Isidro var drivkraften bak arbeidet med ein musserande vin laga etter champagne-metoden (méthode champenoise), men av dei lokale druene i Penedès. Frå eit jordbruksmøte i år 1862 vart utfordringa definert med å utarbeida ein lokal musserande vin av kvalitet som kunne presenterast i dei internasjonale utstillingane. På verdsutstillinga i Paris i 1867 vart dei fyrste katalanske musserande vinane stilt fram. Selskapet til Réus Soberano & Cia de Domènec Soberano i Maestras og Francesc Gil i Borràs var dei fyrste som kommersialiserte det. Josep Raventós i Fatjó, frå Adega de Codorníu, tok del i møtet i Instituto Santo Isidro i 1872, som ville enda opp med å verta avgjerande for interessa for cava.[3]
I 1887 kom Vinlus-pesten til Penedès, som øydela avlingane til mange vingardar. Dette førte til at ein gjekk over til andre druesortar. På grunn av den skiftande marknaden, med sterk internasjonal konkurranse, brukte store selskapar mogleiken til å utvikla nye produkt som cava.[4]
I 1972, etter konflikten med Frankrike om det franske verna omgrepet Champagne (spansk champaña), vart Regulatory Council for Sparkling Wines oppretta, som lanserte Cava-merket, med det vanlege namnet som allereie hadde vorte brukt sidan 1959.[5]
Metode
Den tradisjonelle metoden for å laga cava er den same som Champagne-metoden (méthode champenoise) med nokre tilpassingar med dei lokale høva i Penedès-regionen.
For at vinen skal kunne verta kalla cava, må han liggja i minst ni månader på bunnfall. Ofte ligg han lenger enn dette.[1]
Druesortar
Dei mest brukte druene for å laga cava er: macabeo, parellada og xarel-lo. Desse druene har ulike eigenskapar som utfyller kvarandre og gjev cavaen den ikoniske smaken:
- Macabeo bidreg med sødme og lukt,
- Parellada bidreg med friskleik og aroma,
- Xarel-lo bidreg med struktur.
Andre druesortar som Chardonnay og Subraat kan òg brukast i tillegg. Dersom ein skal laga rosé-cavaer brukar ein òg dei sorte variantane Grenache, Monestrell, Pinot Noire og Trepat.
Sukkerinnhald
Cava vert delt inn i ymse kategoriar etter sukkerinnhald:[1][6]
- brut nature: mindre enn 3g/l sukker (denne er ikkje rekna som ein offisiell kategori, men omgrepet vert framleis brukt.)
- extra brut: 0–6 g/l sukker
- brut: 0–12 g/l sukker
- extra seco: 12–17 g/l sukker
- seco: 17–32 g/l sukker
- semi-seco: 32–50 g/l sukker
- dulce: meir enn 50 g/l sukker
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Cava», www.vinmonopolet.no, henta 10. februar 2023
- ↑ Laursen, Karsten Riis: cava i Den Store Danske på lex.dk. Henta 10. februar 2023
- ↑ Raventós, Emili Giralt i (2002), Empresaris, nobles i vinyaters: 50 anys de recerca històrica (på katalansk), Universitat de València, ISBN 978-84-370-5492-6, henta 10. februar 2023
- ↑ Alòs, Llorenç Ferrer i; Colomer, Rosa Congost i (2004), Homenatge al Dr. Emili Giralt i Raventòs (på katalansk), Edicions Universitat Barcelona, ISBN 978-84-475-2873-8, henta 10. februar 2023
- ↑ «The History of Cava | D.O. Cava», www.cava.wine (på engelsk), henta 10. februar 2023
- ↑ «Categories and types of Cava», www.cava.wine (på engelsk), henta 10. februar 2023
- Denne artikkelen bygger på «Cava (bebida)» frå Wikipedia på portugisisk, den 10. februar 2023.