Hopp til innhald

Laktose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 7. august 2008 kl. 19:19 av JAnDbot (diskusjon | bidrag) (robot la til: vi:Lactoza)
Den kjemiske oppbygginga av laktose.

Laktose eller mjølkesukker er ein sukkertype som finst i mjølk. Det har kjemisk formel C12H22O11, og er eit disakkarid sett saman av dei to monosakkarida, glukose og galaktose, bunde saman av ei beta-1,4-glykosidbinding. Oppbygginga liknar på den til røyrsukker (sukrose), men laktose er mindre løyselege og har mindre søtsmak. Namnet laktose er sett saman av lacta, latin for 'mjølk', og -ose, ei felles ending for sukkertypar i organisk kjemi.


Kjelder

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.