Hopp til innhald

Cupfinalen i fotball 2005/Menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 7. oktober 2024 kl. 10:07 av Migne (diskusjon | bidrag) (Migne flytte sida Cupfinalen i fotball for menn 2005 til Cupfinalen i fotball 2005/Menn)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Cupfinalen i fotball 2005 var den 98. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalekampen vart spelt 6. november 2005 på Ullevaal stadion i Oslo framfor 25 182 tilskodarar. Molde Fotballklubb vart norsk meister etter å ha vunne med 4–2 over Lillestrøm Sportsklubb etter eekstaomgangar. Det var andre gongen klubben frå Molde vann NM-finalen.

Rob Friend gav Molde leiinga i det 25. minutt av den fyrste omgangen. Straks etter pause utlikna Khaled Mouelhi for Lillestrøm. I det 65 minutt nikka Madiou Konate Molde i føringa etter hjørnespark. I sluttsekunda fekk Lillestrøm eit sterkt omdiskutert straffespark som Arild Sundgot plasserte i nettet. Tre minutt ut i fyrste ekstraomgang tok Molde leiinga for tredje gong, då innbytaren Matej Mavrič sette ballen i mål etter at Daniel Berg Hestad hadde stanga eit innlegg i tverliggaren. Ein annan innbytar, John Andreas Husøy, la på til 4–2 då kampen var 107 minutt gammal. Brage Sandmoen frå Kjelsås Idrettslag var dommar.

Molde-mannskapet bestod av Knut Lillebakk, Trond Strande, Marcus Andreasson, Petter Christian Singsaas, Øyvind Gjerde, Stian Ohr, Magnus Kihlberg, Petter Rudi, Daniel Berg Hestad (kaptein), Madio Konate, Rob Friend og innbytarane Toni Kallio (frå 70. minutt), John Andreas Husøy (81) og Matej Mavrič (85).

Lillestrøm stilte med Claus Reitmeier, Christoffer Andersson, Pål Steffen Andresen, Frode Kippe, Pål Strand, Bjørn Helge Riise, Espen Søgård, Robert Koren, Khaled Mouelhi, Arild Sundgot, Magnus Powell. På bana i andre omgang kom kom Andreas Haddad og Anders Rambekk, Magnus Myklebust spelte dei siste 12 minutta av andre ekstraomgang.