Hopp til innhald

Anders Fogh Rasmussen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 20. mai 2024 kl. 12:39 av Anne-Sophie Ofrim (diskusjon | bidrag) (± 2 kategoriar med HotCat)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Anders Fogh Rasmussen

Fødd26. januar 1953 (71 år)
Ginnerup
Statsborgar avKongeriket Danmark
PartiVenstre i Danmark
Yrkesamfunnsøkonom, politikar
Utdanna vedAarhus Universitet
Viborg Katedralskole
Handelshøjskolen i Aarhus
EktefelleAnne-Mette Rasmussen
BarnHenrik Fogh Rasmussen
Alle verv
  • Generalsekretærar i NATO (2009–2014)
  • Danske statsministrar (2001–2009)
  • Danmarks skatteminister (1987–1992)
  • Danmarks økonomiminister (1990–1992)
  • medlem av Folketinget (1978–)
  • medlem av Folketinget (–2009)
  • medlem av Folketinget
  • medlem av Folketinget
  • medlem av Folketinget
  • medlem av Folketinget
  • medlem av Folketinget
  • medlem av Folketinget
  • medlem av Folketinget
  • medlem av Folketinget
  • medlem av Folketinget
  • formann i Venstre (1998–2009)
  • formann i Venstres Ungdom (1974–1976)
  • medlem av Folketinget Sjå dette på Wikidata

Anders Fogh Rasmussen (fødd 26. januar 1953) er ein dansk politikar frå Ginnerup i Danmark. Han har mellom anna vore leiar for Venstre, statsminister i Danmark og generalsekretær for NATO.[1]

Rasmussen var leiar for Liberal Ungdom 1970–1972 og Venstres Ungdom 1974–1976, og har hatt fleire styreverv i det danske næringslivet.

I perioden mellom 10. september 1987 og 18. desember 1990 var han skatteminister i Danmark, og frå 18. desember 1990 til 19. november 1992 var han skatteminister og økonomiminister.[2]

Han var formann for partiet Venstre, og var statsminister i Danmark mellom 27. november 2001 og 5. april 2009. Han er dermed den lengst sitjande statsministeren frå Venstre og den einaste som har sete kontinuerleg i tre valperiodar.

Rasmussen vart utnemnd til generalsekretær i NATO den 4. april 2009. Kort tid etter utnemninga trekte han seg som statsminister i Danmark, følgeleg vart statsministerposten gjeven til den dåverande nestleiaren i Venstre Lars Løkke Rasmussen. Rasmussen var generalsekretær i NATO frå 1. august 2009 til 1. oktober 2014.[3][4]

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Opgør med skattesystemet (1979)
  • Kampen om boligen (1982)
  • Fra Socialstat til Minimalstat (1993)

Som medforfattar

[endre | endre wikiteksten]
  • Den truede velstand (1980)
  • Slaget om landsbyen (1981)
  • Liberal Ungdom gennem 75 år (1983)
  • Handelen år 2000 (1985)
  • Bolig og økonomi (1987)
  • Danmark år 2000 (1987)
  • Arbejdslyst og velfærd – en umulig cocktail? (1993)
  1. «Anders Rasmussen» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 24. oktober 2023. 
  2. Anders Fogh Rasmussen i Folketinget.dk
  3. «Anders Fogh Rasmussen» i Store norske leksikon, snl.no.
  4. Larsen, Thomas: Anders Fogh Rasmussen i Den Store Danske på lex.dk. Henta 24. oktober 2023.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Anders Fogh Rasmussen