Berlevåg lufthamn
Berlevåg lufthamn | |||
| |||
IATA | BVG | ||
---|---|---|---|
ICAO | ENBV | ||
Flyplasstype | Sivil | ||
Eigar | Avinor | ||
Operatør | Avinor | ||
Tener | Berlevåg | ||
Stad | Berlevåg kommune, Finnmark | ||
Opna | 1970 | ||
Høgd | 13 meter | ||
Koordinatar | 70°52′17″N 29°2′3″E | ||
Nettstad | http://www.avinor.no/en/airport/berlevag |
Berlevåg lufthamn er ei sivil, regional lufthamn i Berlevåg kommune i Finnmark.
Lufthamna ligg om lag 3,5 kilometer vest-nordvest for Berlevåg sentrum og er eigd og driven av Avinor AS. Den vart etablert av tyskarane hausten 1943, og jagarfly vart stasjonerte her for å verne dei tyske transportane over Austhavet. Flyplassen vart øydelagt då dei tyske styrkane trekte seg tilbake. Etter kvart vart den sett i stand att på privat initiativ, og i 1970 kunne A/S Varangfly, og seinare Norving ta flyplassen i bruk til taxi- og ambulanseflyging.
I 1974 vart flyplassen oppgradert til regional lufthamn av Staten. Den er i dag tent av Widerøe, med to daglege avgangar til Båtsfjord, Vadsø, og Kirkenes, og ein dagleg avgang til Hammerfest og Tromsø. Frå Kirkenes og Tromsø er det korresponderande avgangar til resten av landet med SAS og Widerøe.
Flyselskap og destinasjonar
[endre | endre wikiteksten]Innland
[endre | endre wikiteksten]Flyselskap | Destinasjonar | |
---|---|---|
Noreg | Widerøe[1] | Båtsfjord, Hammerfest, Kirkenes, Mehamn, Tromsø, Vadsø, Vardø |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Berlevåg lufthavn, Berlevåg» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Berlevåg lufthavn» frå Wikipedia på bokmål, den 21. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: