Vadsø
Vadsø | |||
By | |||
Vadsø
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Vadsø | ||
Areal | 3,43 km² | ||
Folketal | 4 654 (2023) | ||
Folketettleik | 1 357 / km² | ||
Postnummer | 9800 VADSØ | ||
Innbyggjarnamn | vadsøværing | ||
Preposisjon | i Vadsø | ||
Ferdselsårer | E75 Hurtigruta | ||
Vadsø 70°04′00″N 29°45′00″E / 70.06666667°N 29.75°E | |||
Wikimedia Commons: Vadsø (town) |
Vadsø er ein by og administrasjonssenteret i Vadsø kommune i Finnmark. Byen ligg på Varangerhalvøya, på nordsida av Varangerfjorden. Vadsø har hatt bystatus sidan 1833, og er administrasjonssentrum i Finnmark. Det bur om lag 5100 menneske i byen, om lag 83 % av folketalet i kommunen.
Avisa Finnmarken kjem ut i Vadsø seks dagar i veka.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen hadde stor innvandring frå Finland på 1800-talet, og innvandringa synest tydeleg i dag gjennom finsk kultur og mange finske etternamn blant innbyggjarane. Vadsø blir difor ofte omtala som «kvenhovudstaden».
Vadsø Sildoljefabrikk la ned produksjonen i 2009.[1]
Før hadde NRK Finnmark sete i byen.[1]
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]«54 prosent av de sysselsatte i Vadsø» var per 2016 «ansatt i offentlig sektor. Fjerde høyest i landet», skreiv NRK i 2018.[1]
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Vadsø har hurtigruteanløp.
Vadsø lufthamn ligg i Kiby, rett aust for byen. Widerøe flyg til Tromsø, Alta og Kirkenes. I tillegg er det daglege avgangar til Båtsfjord, Berlevåg, Mehamn, Honningsvåg og Hammerfest.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]- Varangerfestivalen er ein blues- og jazzfestival som blir arrangert kvart år i starten av august.
- Kongekrabbefestivalen Polar spectacle blei første gong arrangert i byen i oktober 2004.
- Vadsø har fleire idrettslag, mellom anna Vadsø turn, IL Norild og Vadsø Skiklubb
- Vadsø har også The Arctic Kite Challenge
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Lars Nehru Sand (25. februar 2018). «Finnmarksopprøret». NRK.