Hopp til innhald

Anorakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 25. mai 2023 kl. 18:36 av Ranveig (diskusjon | bidrag) (la til Kategori:Jakker med HotCat)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Inuitkvinne og barn med anorakkar.

Ein anorakk (frå grønlandsk[1]) eller parkas (truleg opphavleg frå nenetsisk og russisk[2]) er ei vindtett jakke med hette og utan opning framme. Plagget er oppfunne av inuittar, som brukte det utandørs, til dømes når dei jakta eller reiste i kajakk. Anorakken vernar godt mot kulde på mange minusgrader, og blei fort teken i bruk av folk som vitja polarområda.

Dei opphavlege anorakkane er laga av varmt skinn, til dømes frå sel, og fôra med pelsverk. Det blei regelmessig behandla med fiskeolje for å halda seg vasstett. Moderniserte anorakkar er laga av vasstett tøy, men har gjerne skinn rundt hettekanten for å verna fjeset mot kald vind.

  1. «anorak, n.». OED Online. Oxford University Press. 2021. 
  2. «parka, n.». OED Online. Oxford University Press. 2021.