Hopp til innhald

Maracanã

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 1. mars 2023 kl. 12:27 av InternetArchiveBot (diskusjon | bidrag) (Rescuing 1 sources and tagging 0 as dead.) #IABot (v2.0.9.3)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Maracanã stadion i Rio.

Estádio Mário Filho, kjend som Maracanã, er ein fotballstadion i Rio de Janeiro i Brasil. Han er den største fotballstadionet i Brasil, med plass til rundt 87 000 tilskodarar. Her speler klubbene Flamengo og Fluminense (og delvis Vasco da Gama) heimekampar. Botafogo spelte også sine heimekampar her fram til dei fekk sin eigen heimebane sommaren 2007.

Namnet «Maracanã» har tupi-guaraniopphav og tyder 'som ei rangle' (marakas). Namnet kjem frå lyden laga av brunpannearapapegøyar som heldt til i området før stadionet blei bygd.