Hopp til innhald

Peder Nilsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 25. oktober 2022 kl. 21:28 av InternetArchiveBot (diskusjon | bidrag) (Rescuing 0 sources and tagging 1 as dead.) #IABot (v2.0.9.2)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Peder Nilsen
Fødd22. februar 1846
Død25. juli 1921 (75 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, ingeniør
Utdanna vedDen militære høyskole
BarnRagna Nilsen
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1889–1891)
  • Norsk arbeidsminister (1893–1897)
  • medlem av statsrådsavdelingen i Stockholm (1897–1897) Sjå dette på Wikidata

Peder Nilsen (22. februar 184625. juli 1921) var ein norsk offiser, jarnbanemann, stortingsmann og statsråd for Høgre.

Nilsen var fødd i Tønsberg, far hans var kasserar i sparebanken. Sjølv tok han eksamen ved krigsskulen 1867 og den militære høgskulen i 1871. Han var assistent og seksjonsingeniør ved anlegg på Rørosbanen, Jærbanen og Jarlsbergbanen frå 1872 til 1878. Distriktsingeniør og styrar for Hamar-Tynsetbanen 1878-93. Frå 1897 til 1911 var han overstyrar ved Hovedbanen.

Han var medlem 1882-89 av formannskapet i Hamar. Perioden 1889-91 var Nilsen stortingsmann for valkrinsen Lillehammer, Hamar og Gjøvik. 1889-sesjonen var han medlem og 1889-91 formann i jarnbanekomiteen.

Emil Stangs andre regjering. Ståande frå venstre: Johannes Winding Harbitz, Peder Nilsen, Wilhelm Olssøn og Peter Birch-Reichenwald. Sitjande frå venstre: Anton Christian Bang, Ole Andreas Furu, Emil Stang d.e., Gregers Gram, Ernst Motzfeldt og Francis Hagerup.
Foto: Ludwik Szacinski ca. 1894–95

Nilsen var statsråd og sjef for Arbeidsdepartementet frå 1893 til 1897, i regjeringar leia av Emil Stang d.e. og Francis Hagerup. I ein kort periode i 1897 var han statsråd ved Statsrådsavdelinga i Stockholm. Han var formann i ingeniørkommisjonen av 1905.

Han vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1893 og forfremja til kommandør av 1. klasse i 1896.

Nilsen døydde 1921 på Hamar.

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Grøndahl & Søns Forlag, Oslo, 1947

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]