Siren Jørgensen
Utsjånad
Siren Jørgensen | |||
Fødd | 1977 (47 år) | ||
---|---|---|---|
Verka som | skodespelar |
Siren Jørgensen (fødd 1977) er ein norsk skodespelar frå Stord.[1] Ho vart utdanna ved Statens Teaterhøgskole i 2002.[2] I 2006 vart ho tilsett ved Den Nationale Scene i Bergen og jobba der i rundt 10 år før ho vart frilansskodespelar og busette seg i Oslo.[3] I 2009 vann ho publikumsprisen Årets scenenamn, utdelt av Bergen Teaterforening og Bergensavisen.
Ho spelte hovudrolla som Rebekka i Kjersti G. Steinsbøs film Hevn frå 2015. Filmen er basert på Ingvar Ambjørnsen si bok Dukken i taket.[4] For rolla vart ho nominert til Kanonprisen 2015 i klassa beste kvinnelege hovudrolle.[5]
Filmografi
[endre | endre wikiteksten]- 2003: Play
- 2008: Forlat oss vår skyld – kortfilm
- 2014: Lilyhammer – TV-serie, 1 episode
- 2015: Side om side – TV-serie, 2 episoder
- 2015: Hevn
- 2015–2017: Neste sommer – TV-serie, 2 episoder
- 2016: Aber Bergen – TV-serie, 1 episode
- 2017: Helt perfekt – TV-serie, 1 episode
- 2017: Front - kortfilm
- 2019: Magnus – TV-serie, 6 episoder
- 2019: Lovleg – TV-serie, 1 episode
- 2020: 22. juli – TV-serie, 3 episoder
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Siren Jørgensen – 2 roller i norsk næringsliv», www.proff.no, henta 22. november 2021
- ↑ «Siren Jørgensen». Henta 23. januar 2021.
- ↑ «Siren Jørgensen fra Stord med i «Tung tids tale»». 10. september 2018. Henta 23. januar 2021.
- ↑ «Hevn». 4. november 2015. Henta 23. januar 2021.
- ↑ «Bølgen og «bomben» kan bli Kanon-grossister». 17. februar 2016. Henta 23. januar 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Siren Jørgensen» frå Wikipedia på bokmål, den 22. november 2021.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Siren Jørgensen ved The Internet Movie Database (IMDb)