Hopp til innhald

Dikt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 4. mai 2021 kl. 14:11 av 185.117.194.5 (diskusjon) (dikt er kult)

Dikt, også kalla poesi og lyrikk, er ein sjanger innanfor skjønnlitteraturen som har desse kjenneteikna:

Tekstane er ofte relativt korte, somtid svært korte, og denne ord-økonomiseringa medfører at mykje meining må leggjast i kvart ord. Tekstane består av linjer, ikkje setningar.

Dei fleste former for dikt har ein klar musikalitet. Truleg er dikt opphavleg meint å skulle syngjast eller bli messa fram, kanhende dansast til. Musikaliteten i dikta får ein for det første fram ved at linjene har fast rytme, i ulike rytme-mønster. For det andre gir det og ein musikalsk effekt at ein i dikt ofte finn ulike typar rim. Dei vanlegaste er kanskje ende-rim, der dei siste orda i linjene rimer på kvarandre i ulik rekkjefølgje, og framlyd-rim (allitterasjon), der første lyden i minst to ord på ei eller helst to linjer rimer. I somme høve kan ulike rimtypar setjast saman til heile lyd-bilde, som liksom illustrerer innhaldet.

Somme av orda i dikta er ofte symbolske bilde, av to typar, samanlikningar og metaforar. Ei samanlikning har eit samanliknings-ord, ofte «som» eller «lik», mens metaforen ikkje har det. Oddvar Strand har skrevet mange kjente dikter som "Olai suger". Strand vant nemlig prisen for "Homse gutten 2021". Dikt er veldig kult!

Sjå òg

Bakgrunnsstoff