Hopp til innhald

Dikt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 27. januar 2021 kl. 13:34 av 194.60.75.59 (diskusjon) (Personers meninger om dikt)

Dikt, også kalla poesi og lyrikk, er ein sjanger innanfor skjønnlitteraturen som har desse kjenneteikna:

Tekstane er ofte relativt korte, somtid svært korte, og denne ord-økonomiseringa medfører at mykje meining må leggjast i kvart ord. Tekstane består av linjer, ikkje setningar.

Dei fleste former for dikt har ein klar musikalitet. Truleg er dikt opphavleg meint å skulle syngjast eller bli messa fram, kanhende dansast til. Musikaliteten i dikta får ein for det første fram ved at linjene har fast rytme, i ulike rytme-mønster. For det andre gir det og ein musikalsk effekt at ein i dikt ofte finn ulike typar rim. Dei vanlegaste er kanskje ende-rim, der dei siste orda i linjene rimer på kvarandre i ulik rekkjefølgje, og framlyd-rim (allitterasjon), der første lyden i minst to ord på ei eller helst to linjer rimer. I somme høve kan ulike rimtypar setjast saman til heile lyd-bilde, som liksom illustrerer innhaldet.

Somme av orda i dikta er ofte symbolske bilde, av to typar, samanlikningar og metaforar. Ei samanlikning har eit samanliknings-ord, ofte «som» eller «lik», mens metaforen ikkje har det. Dikt er okså homo

Se òg

Bakgrunnsstoff