Mo stavkyrkje i Tokke
Mo stavkyrkje i det som no er Tokke kommune, vart riven i løpet av 1830-åra, og dagens kyrkje vart oppført på same tufta og innvigd i 1839. Stavkyrkja stod, som dagens kyrkje, på prestegarden sin grunn. Prestegården heitte opphaveleg Mo.[1] (Dagens prestegard er i Dalen.[2])
Prest til kyrkja er omtala i 1342.[3] Forholdet mellom presten og folket var openbart ikkje godt, for i 1395 fekk dei lokale bøndene ikkje indulgents (syndeforlating) i Biskop Eystein sitt hyrdebrev.[4] Jens Nilssøn nemnar kyrkja i sin visitasrapport frå 1595.[5] På den tida var ho anneks til Moland kyrkje i Fyresdal, og det går fram at det var gudsteneste kvar femte til sjette sundag. Av ein synfaringsrapport frå 1668 skal det ifølgje Lorentz Dietrichson gå fram at det dreidde seg om ei stavkyrkje med svalar og mange skruv omkring, og ho skal ha vore tekt med spon frå øvst til nedst. Korgolvet var — som for koret i Nesland stavkyrkje — heva om lag 3 alen over skipet sitt golv. Kyrkja skal ha blitt noko modernisert på 1700-talet.
Gjenstandar frå stavkyrkja
Ingen stavkyrkjeportal frå Mo er kjend, men eit krusifiks frå stavkyrkja er å finne i korboga i dagens kyrkje.[6][7] I kyrkja (men ikkje i bruk) er òg den gamle døypefonten, laga av ein trestamme, men med kum av stein.[8] Mest iaugefallande er likevel altartavla, som var i privat eige etter at den nye kyrkja fekk ei empiretavle. Den eldre altartavla vart komplettert ved ei vøling i 1961 og så måla av Henrik Sørensen og Harald Kihle.
Kjelder
- Lorentz Dietrichson (1892). «Mo kirke». De norske stavkirker: Studier over deres system, oprindelse og historiske udvikling. Et bidrag til Norges middelalderske bygningskunsts historie. Kristiania: Cammermeyer. s. 503.
- Mo og Skafså kyrkjer 1839–1989 Eit jubileumsskrift. Mo og Skafså sokneråd. 1989.
- Denne artikkelen bygger på «Mo stavkirke (Tokke)» frå Wikipedia på bokmål, den 12. september 2020.
Bakgrunnsstoff
- Mo stavkyrkje i Tokke i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Fotnotar
- ↑ Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Telemark (Riksantikvaren, 2015), s. 116
- ↑ Herman Henriksveen, red. (1986). «Mo Kyrkje». Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 172. ISBN 82-90695-00-4.
- ↑ Diplomatarium Norvegicum I:286
- ↑ Diplomatarium Norvegicum IX:186
- ↑ Jens Nilssøn (1981). Yngvar Nielsen, red. Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574–1597. Carl Zakariasson. s. 383.
- ↑ Mo og Skafså kyrkjer 1839–1989, s. 23.
- ↑ Avbildet på Kirkesøk.
- ↑ Mo og Skafså kyrkjer 1839–1989, s. 23.