Finnmark fylke
Finnmark fylke | |||
Finnmárkku fylka | |||
fylke | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Del av | Nord-Noreg | ||
Adm.senter | Vadsø | ||
Areal | 48 616 km² | ||
• land | 45 984 km² | ||
• vatn | 2 632 km² | ||
Folketettleik | Feil i uttrykket: Uventa operatør, div / km² | ||
Målform | nøytral | ||
Statsforvaltar | Gunnar Kjønnøy | ||
Fylkesordførar | Runar Sjåstad (Ap) | ||
Fylkesnummer | 20 | ||
Finnmark fylke 70°07′09″N 27°35′16″E / 70.11907°N 27.58779°E | |||
Wikimedia Commons: Finnmark | |||
Nettstad: www.ffk.no |
Finnmark (nordsamisk Finnmárku[1], kvensk Finmarkku[2]) er eit fylke heilt nord i Noreg. Det er det nordlegaste og største fylket i flatevidd, men det minste i folketal. Det grensar til Troms fylke i vest, til Utsjok kommune i Finland i sør og til Murmansk oblast i Russland i aust. Fylket er heile 12,9 % større enn Danmark. Finnmarksvidda dekkjer 36 % av flatevidda.
Namnet på fylket tyder 'samelandet'. Samane sin «hovudstad», og sete for Sametinget, er i Karasjok i Finnmark.
Finnmark fylke skal innlemmast i fylket Troms og Finnmark frå 1. januar 2020.
Historie
Finnmark vart etter måten seint ein del av Danmark-Noreg. Sjølv om Vardøhus festning vart bygd som ei markering av dansk kontroll, vart samane i området lenge skattlagt frå tre land. På grunn av grensetvistar med Sverige og Russland har politikken andsynes samane alltid vore ein viktig del av norsk utanrikspolitikk i nord.
Området vart fyrst erklært som ein norsk kronkoloni, og var i til skilnad frå resten av riket direkte underlagd kongen i København. Etter oppløysinga av personalunionen med Danmark på byrjinga av 1800-talet vart det oppgradert til amt og ein integrert del av kongeriket Noreg.
Fylket vart hardt råka av den andre verdskrigen. Tyske styrkar erobra Noreg i 1940. Tyske okkupasjonsstyrkar vart jaga frå grensa til Russland i oktober 1944, og Kirkenes vart erobra av sovjetiske styrkar 25. oktober 1944. Tyskarane vedtok at innbyggjarane i Finnmark skulle dra sørover, og tvinga dei som ikkje ville til å dra. Då dei tyske styrkane trekte seg tilbake bruka dei brentjordtaktikken, som gjekk ut på å hindra alle ressursar i å tilfalla den raude arméen. Dette innebar at mesteparten av bygningsmassen og infrastrukturen vart brend og øydelagd. Folkesetnaden på nær 60 000 vart tvangsflytt sørover. Ein tredel av folkesetnaden rømte unna tvangsflyttinga.[3]
Norske styrkar kom til Kirkenes frå Storbritannia 10. november 1944. Det blei gjeninnført eit sivilt norsk styre, og starta hjelpearbeid for folka som var att. Kort etter krigen sette Stortinget i gang eit omfattande arbeid med å gjenreise Finnmark. Det meste av dette blei gjort i løpet av 8–9 år.[3]
Næringsliv
Tenestytande sektor er den viktigaste.
Fiske er framleis svært viktig, men ved utbygginga av Snøhvitfeltet utanfor Hammerfest tek Finnmark òg spranget ut i oljealderen. Somme har stor von om oljefunn i Barentshavet, berre ein får bore der.
Det er lenge sidan reindrift var den fremste næringa i fylket.
Etter nedgangen i folketalet og fiskeria, har olje og turisme vorte nye satsingsområde.
Kultur
Sidan Vardøhus festning, som framleis høyrer til Sjøforsvaret, vart bygd for 700 år sidan, har Finnmark vore ein del av Noreg. Vardø kommune kan vise fram fleire kulturskattar i fugleværet på Hornøya og «Lille-Moskva» (Kiberg). Vegen ut mot Hamningberg i Båtsfjord kommune liknar eit månelandskap.
Nordkapp er likevel målet for dei fleste turistane som gjestar Finnmark. Nordkapp har vorte enklare å vitje etter opninga av ny tunnel til Honningsvåg.
I vestfylket ligg Hammerfest, som reknar seg som den nordlegaste byen i Noreg og som er den nest største byen i fylket. I denne delen ligg òg Alta som mellom anna er kjend for helleristningane som er på UNESCO si liste over verdas kulturarv.
Finnmarksvidda i søraust har to tettstader, Kautokeino i vest, og Karasjok i aust. Sistnemnde er sete for Sametinget. NRK Sameradio sender òg derifrå.
Folkesetnad
Trass skattefrådrag og rabatt på studiegjelda, vil mange likevel sørover. For ein del er eit opphald i Finnmark einstydande med eit springbrett. For i desse små, men på mange måtar privilegerte samfunna, finn ein framleis gode statlege tilbod og arbeidsplassar. Har ein ei bra utdanning kan ein snøgt få ei god stilling.
Finnmark er ikkje berre eit tospråkleg samfunn, men eit firespråkleg. Attåt norsk og samisk vert det òg snakka kvensk og russisk. Kvensk (eller finsk) vart i 1869 snakka av om lag ein firedel av innbyggjarane i Alta og Vadsø, og det var òg mange kvenar i Porsanger og Hammerfest. Særleg sterkt stod kvensk i Vadsø, som vart kalla kvenbyen. I dag står kvensk sterkast i Børselv i Porsanger (m.a. med eit Kvensk institutt og i Bugøynes i Sør-Varanger. Porsanger kommune er offisielt trespråkleg, men kvensk har ikkje den same støtta frå staten som det samisk har. Russisk har vorte eit nytt innvandrarspråk i Aust-Finnmark. I Kirkenes er mange gater skilta både på norsk og russisk. I grenseområdet mot Russland finn ein vegskilt på russisk.
Sidan 1975 har folketalet i fylket gått ned med kring 8 %.[treng kjelde]
Administrativ inndeling
Kommunar
Namn | Folkemengd | Flatevidd km² | Område |
---|---|---|---|
Vardø | 600 | Aust-Finnmark | |
Vadsø | 1 258 | Aust-Finnmark | |
Hammerfest | 849 | Vest-Finnmark | |
Kautokeino | 9 707 | Indre Finnmark | |
Alta | 3 849 | Vest-Finnmark | |
Loppa | 687 | Vest-Finnmark | |
Hasvik | 556 | Vest-Finnmark | |
Kvalsund | 1 844 | Vest-Finnmark | |
Måsøy | 1 134 | Vest-Finnmark | |
Nordkapp | 925 | Vest-Finnmark | |
Porsanger | 4 873 | Vest-Finnmark | |
Karasjok | 5 453 | Indre Finnmark | |
Lebesby | 3 458 | Aust-Finnmark | |
Gamvik | 1 415 | Aust-Finnmark | |
Berlevåg | 1 120 | Aust-Finnmark | |
Tana | 4 050 | Aust-Finnmark | |
Nesseby | 1 436 | Aust-Finnmark | |
Båtsfjord | 1 433 | Aust-Finnmark | |
Sør-Varanger | 3 967 | Aust-Finnmark | |
Finnmark | ' | 48 616 | Finnmark |
Klima, planteliv og dyreliv
Vardø er einaste bykommune i Noreg som ligg i den arktiske klimasona, det vil seie at snitttemperaturen i den varmaste månaden i året ligg under 10 °C. Resten av kysten vert heller ikkje stort varmare om sumaren, men så syter Golfstraumen for at det ikkje vert så mykje kaldare om vinteren heller. På Finnmarksvidda derimot kan ein oppleve både -40° og ned mot -50 °C på det kaldaste. Noregsrekorden for kulde har Karasjok med 51,4 grader, målt 1. januar 1886. På kysten er vinterstormane dei verste, og stengjer dei fleste vegovergangane i laupet av sesongen.
På vidda er temperaturen (om sumaren) ofte godt over 20° C.
- Planteliv og dyreliv
Myggen er om sumaren kjend blant dei som ferierer der som den største plaga, særleg på vidda.
Samferdsel
E6 går gjennom heile fylket frå Alta i vest til Kirkenes i aust, der den lengste norske europavegtraseen endar strekket heilt frå Svinesund i sør. Ut frå innbyggjartalet har Finnmark eit svært godt vegnett.
Blant fylkesvegane er Fylkesveg 98 (mellom Hammerfest og Tana bru).
Det fins kortbaneflyplassar: Båtsfjord-, Berlevåg-, Hammerfest-, Vadsø-, Hasvik, Honningsvåg-, Mehamn-, og Vardø-. Større flyplassar fins i Kirkenes, Lakselv og Alta.
Kommunane i indre Finnmark, Karasjok og Kautokeino, har ikkje flyplassar. Hurtigruta går langs heile Finnmarkskysten og snur i Kirkenes.
Politikk
Det er 35 representantar i fylkestinget.
Partifordeling etter valet i 2015:
Parti: | Representantar: |
---|---|
Arbeidarpartiet | 17 |
Høgre | 5 |
Framstegspartiet | 4 |
Sosialistisk Venstreparti | 2 |
Senterpartiet | 2 |
Venstre | 2 |
Miljøpartiet dei grøne | 1 |
Kristeleg Folkeparti | 1 |
Kystpartiet | 1 |
Media
Dei einaste store mediehus som har «fast tilstedeværelse» i Finnmark (i 2018), er NRK, Dagens Næringsliv, Klassekampen og TV 2, skriv media.[4]
Bakgrunnsstoff
- John Gustavsen. «Ulydige finnmarkingar». 2018-06-19. Klassekampen. S. 32
Kjelder
- ↑ Lov om endring i lov 14. august 1918 nr. 1 om forandring av rikets inddelingsnavn (innføring av tospråklig navn på Finnmark fylke, norsk og samisk). lovdata.no. Vitja 8. september 2018.
- ↑ kvenskestedsnavn.no
- ↑ 3,0 3,1 Thorsnæs, Geir; Askheim, Svein (12. juli 2019). «Finnmarks historie». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ John Trygve Tollefsen. «Verdien av medienes tilstedeværelse. Med egne øyne ». Klassekampen. 2018-07-21. S. 13
- Denne artikkelen byggjer på «Finnmark» frå Wikipedia på bokmål.