Hopp til innhald

The Thin Ice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 10. juli 2019 kl. 07:58 av Frokor (diskusjon | bidrag) (')
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
The Thin Ice
Song av Pink Floyd
frå albumet The Wall
Utgjeve 30. november 1979
Innspelt April-november, 1979
Sjanger Progressiv rock
Lengd 2:31
Selskap Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US)
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters

«The Thin Ice» er ein song av det britiske rockebandet Pink Floyd frå albumet deira The Wall frå 1979.

Komposisjon

[endre | endre wikiteksten]

Dei første sekunda av songen kan ein høyre eit lite barn som gret (som òg avslutta songen «In the Flesh?» som kjem før «The Thin Ice»). Songen startar så med første vers, som har ein lett og dempa tone, sunge av David Gilmour. Etter at Gilmour sitt vers er ferdig, tar Roger Waters over og tonen i songen vert meir «kynisk» i samband med teksten. Resten av songen, som er ein gitarsolo, vert så meir høglydt.

Som dei andre songane på The Wall fortel «The Thin Ice» ein del av historia til hovudpersonen Pink. Songen fortel om dei første åra av Pink sitt liv, før han vert gamal nok til å forstå kva som har skjedd med faren. Den «tynne isen» representerer den uskuldige, men skjøre perioden i livet før ein verkeleg kan forstå verda rundt seg.

Tredje og fjerde linja i tredje verset,

«Dragging behind you the silent reproach, of a million tear-stained eyes»

fungerer som ein metafor for den psykologiske og/eller andelege effekten krig har på barn etter foreldre som har lidd eller omkomme som følgje av krig.

Filmutgåva

[endre | endre wikiteksten]

Filmen viser tusenvis av menn i krig, anten skada eller daude, før ein så går til Pink i eit symjebasseng fullt av blod, der han lid på grunn av faren sin død.

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Personnel per Fitch and Mahon.[1]

  1. Fitch, Vernon and Mahon, Richard, Comfortably Numb — A History of The Wall 1978–1981, 2006, p.72