Come Together
| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
«Come Together» er ein song av The Beatles hovudsakleg skriven av John Lennon[2] og tilskriven Lennon/McCartney. Songen startar albumet Abbey Road frå 1969. I oktober 1969, ein månad etter albumet kom ut, vart songen gjeve ut som ei dobbel A-side i lag med George Harrison sin «Something». Songen nådde toppen av singellista i USA, men vart berre ein Topp 10-hit i Storbritannia. I Noreg kom singelen seg aldri opp på førsteplassen, men låg sju veker på andreplass, heile tida bak «Sugar Sugar» av The Archies.
«Come Together» var hovudsakleg skriven av John Lennon, men Paul McCartney gav sine bidrag til han, mellom anna senka han tempoet og skreiv det innovative bass-riffet.
Bakgrunnen for songen var at Lennon skreiv ein song for den mislukka kampanjen til Timothy Leary for å verte vald som guvernør i California mot Ronald Reagan. Kampanjen enda brått då Leary vart arrestert med narkotika. Lennon endra då songen til ein song med små sleivspark rettet mot McCartney og Harrison, blanda saman med forteljingar om den politisk-kulturelle bagism-kampanjen han førte saman med kona si Yoko Ono.
«Come Together» førte òg til trugslar om søksmål mot Lennon frå musikkforleggeren til Chuck Berry, Morris Levy, sidan den første tekstlinja syntes å etterlikne ei tekstlinje frå songen «You Can't Catch Me», som Chuck Berry hadde skrive:
Here come a flat-top, he was movin' up with me
Then come wavin' goodbye a little' old souped-up jitney
Det kom til forlik mellom Lennon og Levy som heldt saka utanfor rettssystemet og som innebar at Lennon forplikta seg til å spele inn nokre songar eigd av Levy, noko som ville gje Levy inntekter frå platesalet og komponistrettane. Forliket vart oppfylt med albumet Rock 'n' Roll som kom i 1975, der Lennon forutan å spele ein versjon av «You Can't Catch Me», òg gjer ein versjon av Berry sin «Sweet Little Sixteen».
Songen vart innspelt 21.-23., 25., 29. og 30 juli 1969
Medverkande
- John Lennon – solo- og korvokal, rytmegitar, elektrisk piano, klapping
- Paul McCartney – korvokal, bassgitar
- George Harrison – sologitar
- Ringo Starr – trommer, maracas
Personell per Ian MacDonald[3]
Ander utgåver
Mange artistar har gjort sine utgåver av songen, mellom andre Aerosmith, Eurythmics, Tina Turner, Michael Jackson, Axl Rose og Bruce Springsteen, Robin Williams og Bobby McFerrin, Sugababes, Elton John, Craig David, The Supremes, Diana Ross, Tom Jones, The Brothers Johnson, Marilyn Manson og Joe Cocker
Bakgrunnsstoff
- Songmeanings.net Tekst og tolkingar
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Come Together» frå Wikipedia på engelsk, og «Come Together» frå Wikipedia på bokmål den 10. februar 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Freeman, Phil (2007). Marooned: The Next Generation of Desert Island Discs. Da Capo Press. ISBN 978-0-306-81485-3. «It's a surface-heavy blues-rock tune, flanging and wailing away…»
- ↑ David Sheff (2000). All We Are Saying: The Last Major Interview with John Lennon and Yoko Ono. New York: St. Martin's Press. ISBN 0-312-25464-4. Text "side 201" ignored (hjelp)
- ↑ MacDonald 2005, s. 355.
- MacDonald, Ian (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties (Second Revised utg.). London: Pimlico (Rand). ISBN 1-84413-828-3.
- The Beatles-songar
- Songar produserte av George Martin
- Songar skrivne av Lennon–McCartney
- Songar frå 1969
- Singlar frå 1969
- Singlar frå 1978
- Apple Records-singlar
- Songar på toppen av Billboard-lista
- Nummer-ein-singlar i Australia
- Nummer-ein-singlar i Tyskland
- Columbia Records-singlar
- Decca Records-singlar
- Domino Recording Company-singlar
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone
- Go! Discs-singlar
- Aerosmith-songar
- Michael Jackson-songar
- Soundgarden-songar
- Eurythmics-songar
- Ike & Tina Turner-songar
- Tina Turner-songar
- The Supremes-songar
- Diana Ross-songar
- Tom Jones-songar
- Marilyn Manson-songar
- Joe Cocker-songar
- George Benson-songar
- Ben E. King-songar
- Gladys Knight & The Pips-songar
- Sarah Vaughan-songar
- John Lennon-songar
- Tommy Körberg-songar
- Delbert McClinton-songar
- Meat Loaf-songar
- Bobby McFerrin-songar
- Sugababes-songar
- Def Leppard-songar
- Jeff Healey-songar
- Taj Mahal-songar
- Roberta Flack-songar
- Godsmack-songar
- Arctic Monkeys-songar
- Herbie Mann-songar
- Count Basie-songar
- Rick Wakeman-songar
- The Brothers Johnson-songar
- Gary Clark jr.-songar
- Boris Grebensjtsjhikov
- The Meters-songar
- Shalamar-songar