Hopp til innhald

Gass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 11. april 2018 kl. 13:37 av Ranveig (diskusjon | bidrag) (Attenderulla endring gjord av 185.44.98.84 (diskusjon) til siste versjonen av Ranveig)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Aggregattilstandar
Lysande gassar i ei stjernetåke.
Usynleg neongass i eit lite glas.

Gass er ein aggregattilstand eller fase der eit stoff verken har fast form eller volum. Molekyla i ein gass har mykje energi; dei er ikkje bundne til kvarandre, og svever fritt og tilfeldig omkring. Ein gass vil utvida seg til han fyller heile rommet som er tilgjengeleg for han.

Den idelle gasslova (pV=nRT) er ein enkel matematisk modell for ein gass. p er trykket, V volumet, n stoffmengda, R gasskonstanten og T er absolutt temperatur.

Mange gassar er usynlege for oss, men nokre av dei har farge, og mange har lukt. Luft er ei blanding av mange stoff i gassform som me pustar inn for å tilføra kroppen oksygen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.