Hopp til innhald

Provinsen Makedonia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 21. mars 2016 kl. 21:15 av Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag) (Legg til 'Autoritetsdata' nederst på sida)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Provinsen Makedonia i Romarriket i år 120

Makedonia var ein romersk provins. Han vart offisielt etablert i 146 f.Kr. etter at den romerske generalen Quintus Caecilius Metellus sigra over Andriskus av Makedonia i 148 f.Kr., og etter at fire klientrepublikkar som var etablerte av Romarriket i regionen vart oppøyste. Epiros Vetus, Thessalia og delar av Illyria og Thrakia var med i provinsen.

I dei 3. og 4. århundra vart provinsen delt inn i Makedonia Prima i sør og Makedonia Salutaris i nord.

Makedonia Prima og Makedonia Salutaris var inkludert i bispedømet Makedonia, eit av tre bispedøme som var inkludert i pretorianarprefekturet Illyricum som vart organisert i 318. Då prefekturet Illyricum vart delt i eit vestleg og eit austleg Illyricum i 379, vart dei makedonske provinsane inkludert i det austlege Illyricum. Etter delinga av Romarriket i eit vestleg og eit austleg rike i 395, gjekk Makedonia inn i Austromarriket.