Hopp til innhald

Lampione

Koordinatar: 35°33′N 12°19′E / 35.550°N 12.317°E / 35.550; 12.317
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 21. mars 2016 kl. 19:37 av Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag) (Legg til 'Autoritetsdata' nederst på sida)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Dei pelagiske øyane

Lampione (italiensk for lykt) er ei lita øy i Middelhavet, som er ein del av Dei pelagiske øyane og som administrativt høyrer til kommunen Lampedusa. Ho er 700 meter lang, 180 meter brei og har eit areal på 1,2 km². Det høgaste punktet er 36 meter over havet.

Øya er ikkje busett og den einaste bygningen på øya er eit fyr. I følgje ei segn var øya ein stein som hadde falle frå handa til ein kyklop.

Lampione er ein del av eit naturreservat.

35°33′N 12°19′E / 35.550°N 12.317°E / 35.550; 12.317