Biggi Bachmann
Utsjånad
Biggi Bachmann | |||
Fødd | 20. hundreåret | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Eschen | ||
Opphav | Liechtenstein | ||
Sjanger | slager | ||
Verka som | songar |
Biggi Bachmann er ei tidlegare songarinne frå Liechtenstein.
I 1975 kom den fyrste singelen hennar ut, «Herzbrecher». Etter ei intern utveljing i 1976 skulle ho ha vorte den fyrste liechtensteinske deltakaren i Eurovision Song Contest med songen «My Little Cowboy». Ho fekk likevel ikkje delta av di Liechtenstein på dette tidspunktet korkje hadde nokon eigen radiosendar eller fjernsynskringkastar.[1] I 1979 kom den andre singelen hennar ut, «Musik Musik». Med denne deltok ho i den nasjonale Eurovision-tevlinga til Sveits, der ho enda på ein sjetteplass.[2]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- 1975: Herzbrecher (Single, Ariola)
- 1979: Musik Musik (Single, Ariola)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Ones That Got Away», nulpoints.net; ESC 1976, ecgermany.de
- ↑ Biggi Bachmann, 45cat.com
- Denne artikkelen bygger på «Biggi Bachmann» frå Wikipedia på tysk, den 4. mai 2015.