Rudi
Utsjånad
Rudi og Rudy er kortformer for mannsnamnet Rudolf, og er også hovudsakleg mannsnamn, men kan òg vera kvinnenamn. Namnedelen rud stammar frå norrønt hróðr eller gammelsaksisk hrôt, som begge betyr 'hyllest, berømming'.
Rudi og Ruedi er tyske namneformer medan Rudy er engelsk. Ruud er eit nederlandsk kortnamn av same opphav.
Rudi har namnedag i Noreg den 27. mars.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Begge skrivemåtane er utbreidde i Belgia, der tal frå 2002 viste av 12 675 eller 0,2 % av menn heitte Rudy, medan 10 682 eller 0,2 % heitte Rudi.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Rudi Gernreich (1922–1985), austerriksk-amerikansk moteskapar og homoaktivist
- Rudi Dutschke (1940–1979), tysk marxist og studentleiar
- Rudy Giuliani (f. 1944), amerikansk politikar
- Rudy Rucker (f. 1946), amerikansk forfattar
- Axel Rudi Pell (f. 1960), tysk gitarist
- Rudi Myntevik (f. 1980), norsk lovsongar
- Rudy Youngblood (f. 1982), amerikansk skodespelar
Kvinner
[endre | endre wikiteksten]- Rudi Bakhtiar (f. 1966), iransk-amerikansk journalist
- Rudy Claes (f. 1966), norsk skodespelar
Slektsnamn
[endre | endre wikiteksten]- Petter Rudi (f. 1973), norsk fotballspelar
Annan bruk
[endre | endre wikiteksten]- Rex Rudi, norsk rockeband og teikneserie
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rudi» frå Wikipedia på bokmål, den 26. mars 2009.