Hopp til innhald

Anyon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 12. mars 2013 kl. 21:51 av Addbot (diskusjon | bidrag) (robot: fjerna 9 interwikilenkjer som er flytte til d:q5528Wikidata)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Eit anyon er ein partikkel i to dimensjonar med vilkårleg (fraksjonell) kvantestatistikk. I tre dimensjonar kan elementærpartiklar, og partiklar som er bygd opp av slike, delast inn i fermion og boson.

I 1977 viste dei norske fysikarane Jon Magne Leinaas og Jan Myrheim at partikler som rører seg i to dimensjoner, til dømes eit plan, kan ha ein meir generell kvantestatistikk, der fermion og boson er spesialtilfelle.

Det er stor semje om at kvante-hall-effekten kan forklarast ved hjelp av eksitasjonar (kvasipartiklar) som er anyonar. Ein har òg spekulert i om anyonar kan forklare superleiing ved temperaturer omkring til dømes 100 grader over det absolutte nullpunktet, men dette er det foreløpig ikkje haldepunkt for.