Hopp til innhald

Nanometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 8. mars 2013 kl. 03:46 av Addbot (diskusjon | bidrag) (robot: fjerna 48 interwikilenkjer som er flytte til d:q178674Wikidata)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Nanometer er ei SI-eining avleidd av meter og blir brukt til å måla svært små lengder. Ein nanometer er lik 10−9 meter. Symbolet for nanometer er nm.

Nanometer blir ofte brukt til å måla bølgjelengder av synleg lys, ultrafiolett stråling og gammastrålar.

Eitt sukrosemolekyl er om lag 1 nm langt, noko Albert Einstein rekna ut.

DNA-spiralen er rundt 2 nm i diameter.

Konvertering

[endre | endre wikiteksten]

1 nm = 1000 pikometer
1000 nm = 1 mikrometer