Sark
| |||||
![]() | |||||
Offisielle språk | engelsk, fransk | ||||
Hovudstad | La Seigneurie[1] | ||||
Styresett Seigneur
|
John Michael Beaumont | ||||
Flatevidd - Totalt - Del vatn |
5,45 km² | ||||
Status | Del av Bailiwick of Guernsey (Kroneigedom under Storbritannia) | ||||
Gjeven som len til Hellier de Carteret | 1545 | ||||
Valuta | Britisk pund | ||||
Tidssone | GMT | ||||
Nasjonalsong | «God Save The Queen» | ||||
Internasjonal telefonkode | +44 (0)1481 | ||||
Sark (fransk Sercq, sercquiais Sèr) er ei lita øy sørvest i Den engelske kanalen. Ho er ei av Kanaløyane og høyrer til Bailiwick of Guernsey og er slik ein britisk kroneigedom. Øya har kring 600 innbyggjarar. Hovudnæringa er turisme, handverk og finans. Sark har eit areal på 5,45 km²[2] og var det siste europeiske området som avskaffa føydalismen, i 2008.
Sark består av to hovuddelar, Greater Sark, og Little Sark i sør. Dei er knytte til kvarandre med eit smalt eid, La Coupée, som er 90 meter langt og har eit bratt fall på 100 meter på kvar side.[3]. Det vart sett opp rekkverk i 1900. Før dette måtte born krype over for å ikkje blese utfor kanten. Det går ein smal betongveg over eidet, bygd av tyske kringsfangar i 1945.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f2/Sark_Coupee.jpg/220px-Sark_Coupee.jpg)
Det høgaste punktet på Sark er 114 meter over havet.[3] Det står ei vindmølle frå 1571 på dette punktet, men segla vart fjerna under den første verdskrigen. Dette er òg det høgaste punktet i heile Bailiwick of Guernsey.
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad
- Offisiell turistside
- Dokumentar om Sark
- Bilete av La Coupée
- Sark Folk Festival 2010
49°25′59″N 2°21′39″W / 49.43306°N 2.36083°W
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Sark» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Bustaden til leiaren. Sark har ikkje hovudstad
- ↑ http://www.sark.info/index.cfm?fuseaction=gov.content&cmid=552
- ↑ 3,0 3,1 http://www.islandlife.org/sark.htm