Hopp til innhald

Masse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 6. november 2012 kl. 23:45 av MerlIwBot (diskusjon | bidrag) (robot la til: pms:Massa (fìsica))

Masse tyder det same som materiale eller stoff og er det me oppfattar som ein eksistensiell eigenskap ved ein lekam. Masse blir ofte oppfatta som det same som tyngde, men medan tyngda avheng av tyngdekrafta er massen til ein lekam nær konstant, same kvar han er.

SI-eininga for masse er kilogram. Eitt kilogram er 1000 gram og vert forkorta kg.

Er massen konstant?

Det er nærliggande for oss å sjå massen som konstant. Dette er likevel ikkje rett i følgje Einsteins relativitetsteori der masse og energi er to sider av same sak. I følgje relativitetsteorien er

E = m c²

der E er energi, m er masse og c er lysfarten i tomt rom, ein konstant.

Etter relativitetsteorien vil ein lekam som får tilført energi, for eksempel i form av auka rørsleenergi, derfor òg få auka massen. Me har likevel tradisjon for å sjå massen som konstant fordi feilen me gjer er så liten for lekamar med fart mykje lågare enn lysfarten.

Masse kontra vekt

Omgrepet masse vert ofte samanblanda med vekt. Når me seier at «vekta er 52 kilo», meiner me enten at gjenstanden har masse på 52 kilogram, eller at gjenstanden har vekt tilsvarande ein lekam med masse på 52 kg på jorda. Det siste skulle vore uttrykt som «vekta er 52 kilopond». Ein pond er nemleg vekta av eitt gram masse på jorda. Pond er ikkje ei SI-eining og er derfor ikkje særleg mykje brukt. Skulle me ha nytta SI-einingar for å fortelje vekta, skulle me i staden ha sagt «vekta er 510 newton».


Mal:Link AA Mal:Link FA Mal:Link FA