Hopp til innhald

Yancheng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 3. november 2012 kl. 01:31 av Makecat-bot (diskusjon | bidrag) (r2.7.3) (robot la til: pt:Yancheng)
Yanchengs plassering i Jiangsu

Yancheng (kinesisk skrift 盐城, pinyin Yánchéng) er eit byprefektur nordaust i provinsen Jiangsu i det sentrale Kina. Byprefekturet har eit areal på 16 921 km2, folketalet i prefekturet vart i 2008 berekna til 8 117 000. Innanfor bygrensene budde det kring 3,63 millionar menneske.

Yancheng består av to bydistrikt, to byfylke og fem fylke.

Yancheng tyder «Saltbyen» og er fyrste ging nemnd i 119 f.Kr., under Han-dynastiet. Byen ligg ut mot Gulehavet og har drive utvinning av store saltfelt sidan han vart oppretta. I dag lever folk i første grad av næringsmiddelindsustri.

Området var ein viktig krigsskodeplass under den kinesiske borgarkrigen mellom kommunistar og nasjonalistar i 1930- og 40-åra.

Kjelder