Spreiing
Utsjånad
- Denne artikkelen handlar om den fysiske prosessen. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Spreiing (fleirtyding).
Spreiing er ein fysisk prosess der banen til eit objekt eller ei stråle blir endra gjennom ei vekselvirking med eitt eller fleire andre objekt. Lys, lyd og partiklar i fart er døme på noko som kan spreiast. Ei rekke ting kan føra til spreiing, til dømes andre partiklar, bobler, dropar, celler i organismar eller ulik tettleik i mediumet objektet eller stråla går gjennom.