Hopp til innhald

Staurselva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 13. november 2011 kl. 12:48 av Pedohl (diskusjon | bidrag)
To halve kvernstein og lager.
Francisturbin frå Fossbakken.

Staurselva er ei elv på Frosta i Nord-Trøndelag. Den renn ut frå Hovdalsvatnet som ligg 116 m.o.h. Elva er berre 1,5 km lang og går ut i Trondheimsfjorden på nordsida av Frosta.

Historie

Det er godt fall på elva og det har vore industri langs elva som har nytta vasskrafta. Tidlegare var det kverner, møller, stamper, sagbruk og snekkarverkstad er langs elva. I 1904 kom Christian Thams frå Orkdal og skreiv kontrakter med brukarane av vassfalla langs elva. Han betalte brukarne for å få retten til å stenge og sleppe vattnet ved oset. Årsaka var at Christian Thams måtte ha ein kraftstasjon som leverte strøm til ''Nordenfjeldske sprængstof aktieselskab'' som skulle byggast i Sunndalen i Åsen i Nord-Trøndelag. Fabrikken vart lagt ned i 1920 og rettigheter med anlegg vart sejd til tri av brukarane. I dag er det ingen industriell verksemd langs elva. Det er ''Frosta vassverk AL'' som teke over rettigheitane i elva og er forplikta til å sleppe minimum 20 liter vatn i sekundet ned gjennom elva. Ved utløpet av elva var det utskiping av gruvetømmer (pitprops) fyrst på 1900-tallet.

Kjelder

Frostaboka bind 5.

Statsarkivet, Trondheim.